Jean Føyen: Forskjell mellom sideversjoner
(-) |
(lenkefiks) |
||
(13 mellomliggende versjoner av 3 brukere er ikke vist) | |||
Linje 1: | Linje 1: | ||
{{thumb|Portrett av jean føyen.jpg|Portrett av Jean Føyen (1878-1942). Biletet er ein del av Føyen-samlinga ved Stord folkebibliotek.}} | |||
{{thumb|Jean føyen feriefryd.jpg|Novellesamlinga «Feriefryd» frå 1924.}} | |||
'''Jean Fridolf Føyen''' (fødd 10. april 1878 på [[Stord]], død 27. desember 1942 i [[Oslo]]) var forfattar og journalist. Han var i ei årrekkje knytt til [[Dagens Næringsliv|Norges Handels og Sjøfartstidende]] som litteraturkritikar. | |||
== | ==Bakgrunn== | ||
Foreldra var [[Alexiane Johannesdatter Østrem (f. 1842)|Alexiane Johannesdatter Østrem]] (f. 1842 i Stavanger) og Ole Paulsen (f. 1851 i Sverige), som båe levde som omstreifarar. Jean vart fødd i [[Stord hjelpefengsel|Leirvik hjelpefengsel]], men kom eit par månader etter fødselen i pleie hos [[Johannes Føyen|Johannes]] (f. 1834) og [[Ingeborg Føyen]] (f. 1830). Han vaks opp på sørsida av Stord, på garden Føyno, som var i sjølveige. I folketeljinga for 1891 hadde paret fire born buande heime. I tillegg til Jean var det Ole (f. 1850, oppført som steson), Anne Katrine (f. 1866) og pleiedottera Ingeborg Gurine (f. 1879). Ole står i teljinga oppført med gardsarbeid som yrke, medan Anne Katrine var sypike. | |||
Jean var flink på skulen, og som elev på [[Garnes ungdomsskule]] i åra 1894-1895 fekk han det rådet av læraren at han burde studera. Det var det ikkje pengar til. I staden tok han seg arbeid som krambusvein, først i Bergen og seinare i Oslo. | |||
Føyen gifta seg i 1924 med [[Una Føyen (1895-1947)|Hanna Adolfine (Una) Liberg]] (1895–1947) frå Kristiania, som arbeidde som bokhaldar på [[Schous bryggeri]]. Ho fekk også publisert eit par noveller i avisa ''[[Norges Kvinder]]''. Paret var barnlause. | |||
== Forfattar og kritikar== | |||
Føyen tok tidleg til å skriva. Han bidrog med dikt og noveller i populære blader som [[Korsaren]], [[Tyrihans]], [[Vikingen]], [[Hvepsen]], [[Humoristen]] og fleire. Han var også redaktør for nokre julehefte. Etter kvart vart han fast knytt til [[Tidens Tegn]], der han skreiv dikt og noveller under psevdonymet Trubaduren. Seinare gjekk han over til Norges Handels- og Sjøfartstidende, der han mellom anna var bokmeldar i ei rekkje år. | |||
Jean Føyen er ikkje vigd nokon plass i norsk litteraturhistorie, trass i at han hausta gode kritikkar og vart sett på som ein kresen stilist i samtida. Han debuterte på Gyldendal med diktsamlinga «Blade» i 1909. Tre år seinare kom novellesamlinga «Menneskers liv» på Aschehoug. I 1917 kom det ei ny diktsamling, «Sommernætter», på Helge Erichsens forlag. Den fjerde og siste boka hans var ei samling humoresker, «Sommerfryd», gjeve ut på Kristian Bjørnstads forlag i 1924. Det vart også sagt at han skreiv på ein større roman, som han aldri fullførte. | |||
I forfattarskapen sin skreiv ikkje Jean Føyen om dei reisande sjølv om mora og truleg også faren ikkje var bufaste. Tvert om heldt han ein armlengdes avstand til temaet. Ifylgje forfattaren av Stord bygdebok, Ola Høyland, tolde han mest ikkje å sjå reisande i oppveksten. Truleg hadde andre ungar terga han for opphavet hans.<ref>Høyland: 212</ref> | |||
== | ==Føyen-samlinga == | ||
[[ | Jean Føyen døydde i jula 1942, medan kona Una Lidberg levde til 1947. Paret testamenterte alt dei eigde til [[Stord kommune]], mellom anna boksamlinga og ei rekkje dokument av litterær og litteraturhistorisk interesse. Føyen stod i kontakt med mange av dei mest kjende litterære skikkelsene i samtida. Føyen-samlinga finst ved [[Stord folkebibliotek]] og rommer boksamlinga, Føyens eigne skrifter, samt artiklar og anna knytt til forfattaren. | ||
==Utgjevingar== | |||
*Føyen, Jean: ''Sommernætter : digte''. Utg. Erichsen. Kristiania. 1917. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2013061808162}}. | |||
*Føyen, Jean: ''Feriefryd : humoresker''. Utg. Bjørnstad. Kristiania. 1924. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2014120108075}}. | |||
*Føyen, Jean: Telegrammet. I: ''Urd''. Utg. A/S Urd. Oslo. 1913. {{nb.no|NBN:no-nb_digitidsskrift_2021021881046_001| side =824}} | |||
*Føyen, Jean: Julenat. I: ''Urd''. Utg. A/S Urd. Oslo. 1914. {{nb.no|NBN:no-nb_digitidsskrift_2021021881044_001| side=752}}. | |||
== | ==Fotnotar== | ||
<references /> | |||
==Kjelder og litteratur== | ==Kjelder og litteratur== | ||
*Gotaas, Thor: ''Taterne - livskampen og eventyret''. Utg. Andresen & Butenschøn. 2007. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2018022648094}}. | |||
*Hagerup, Werner: ''Nokre notatar om Axeliane Johannesdotter''. Småtrykk, lokalsamlinga ved Stord folkebibliotek. | |||
*Høyland, Ola: ''Stord bygdebok''. Utg. Stord herad. Stord. 1973. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2011102408036}}. | |||
*{{hbr1-1|pf01052964001954|Jean Føyen}}. | |||
*Moe, Tore Lande: ''Dei reisande - om tatatar og fantar''. I: ''Sunnhordland''. Utg. Sunnhordland museum. 2008. {{nb.no|NBN:no-nb_digitidsskrift_2019010381649_001}}, s. 77-79. | |||
*Sundt, Eilert: ''Fante- eller landstrygerfolket i Norge''. 2005. Første gongen utg. 1852: {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2008090903001}}. | |||
*''100 år sidan Jean Føyen vart fødd - i Stord-fengslet''. Haugesunds Avis 14. januar 1978 | |||
*Vakker testamentarisk gave til Stord. I: ''Bok og bibliotek''. Utg. ABM-media. 1948. {{nb.no|NBN:no-nb_digitidsskrift_2013061181009_001| side=216}}. | |||
:*[http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11676&idx_id=11676&uid=ny&idx_side=-65 Digitalarkivet Døypte i Stord kyrkje 1878] | *[http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11676&idx_id=11676&uid=ny&idx_side=-65 Digitalarkivet Døypte i Stord kyrkje 1878] | ||
{{DEFAULTSORT:Føyen, Jean}} | {{DEFAULTSORT:Føyen, Jean}} |
Nåværende revisjon fra 4. jan. 2022 kl. 08:49
Jean Fridolf Føyen (fødd 10. april 1878 på Stord, død 27. desember 1942 i Oslo) var forfattar og journalist. Han var i ei årrekkje knytt til Norges Handels og Sjøfartstidende som litteraturkritikar.
Bakgrunn
Foreldra var Alexiane Johannesdatter Østrem (f. 1842 i Stavanger) og Ole Paulsen (f. 1851 i Sverige), som båe levde som omstreifarar. Jean vart fødd i Leirvik hjelpefengsel, men kom eit par månader etter fødselen i pleie hos Johannes (f. 1834) og Ingeborg Føyen (f. 1830). Han vaks opp på sørsida av Stord, på garden Føyno, som var i sjølveige. I folketeljinga for 1891 hadde paret fire born buande heime. I tillegg til Jean var det Ole (f. 1850, oppført som steson), Anne Katrine (f. 1866) og pleiedottera Ingeborg Gurine (f. 1879). Ole står i teljinga oppført med gardsarbeid som yrke, medan Anne Katrine var sypike.
Jean var flink på skulen, og som elev på Garnes ungdomsskule i åra 1894-1895 fekk han det rådet av læraren at han burde studera. Det var det ikkje pengar til. I staden tok han seg arbeid som krambusvein, først i Bergen og seinare i Oslo.
Føyen gifta seg i 1924 med Hanna Adolfine (Una) Liberg (1895–1947) frå Kristiania, som arbeidde som bokhaldar på Schous bryggeri. Ho fekk også publisert eit par noveller i avisa Norges Kvinder. Paret var barnlause.
Forfattar og kritikar
Føyen tok tidleg til å skriva. Han bidrog med dikt og noveller i populære blader som Korsaren, Tyrihans, Vikingen, Hvepsen, Humoristen og fleire. Han var også redaktør for nokre julehefte. Etter kvart vart han fast knytt til Tidens Tegn, der han skreiv dikt og noveller under psevdonymet Trubaduren. Seinare gjekk han over til Norges Handels- og Sjøfartstidende, der han mellom anna var bokmeldar i ei rekkje år.
Jean Føyen er ikkje vigd nokon plass i norsk litteraturhistorie, trass i at han hausta gode kritikkar og vart sett på som ein kresen stilist i samtida. Han debuterte på Gyldendal med diktsamlinga «Blade» i 1909. Tre år seinare kom novellesamlinga «Menneskers liv» på Aschehoug. I 1917 kom det ei ny diktsamling, «Sommernætter», på Helge Erichsens forlag. Den fjerde og siste boka hans var ei samling humoresker, «Sommerfryd», gjeve ut på Kristian Bjørnstads forlag i 1924. Det vart også sagt at han skreiv på ein større roman, som han aldri fullførte.
I forfattarskapen sin skreiv ikkje Jean Føyen om dei reisande sjølv om mora og truleg også faren ikkje var bufaste. Tvert om heldt han ein armlengdes avstand til temaet. Ifylgje forfattaren av Stord bygdebok, Ola Høyland, tolde han mest ikkje å sjå reisande i oppveksten. Truleg hadde andre ungar terga han for opphavet hans.[1]
Føyen-samlinga
Jean Føyen døydde i jula 1942, medan kona Una Lidberg levde til 1947. Paret testamenterte alt dei eigde til Stord kommune, mellom anna boksamlinga og ei rekkje dokument av litterær og litteraturhistorisk interesse. Føyen stod i kontakt med mange av dei mest kjende litterære skikkelsene i samtida. Føyen-samlinga finst ved Stord folkebibliotek og rommer boksamlinga, Føyens eigne skrifter, samt artiklar og anna knytt til forfattaren.
Utgjevingar
- Føyen, Jean: Sommernætter : digte. Utg. Erichsen. Kristiania. 1917. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Føyen, Jean: Feriefryd : humoresker. Utg. Bjørnstad. Kristiania. 1924. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Føyen, Jean: Telegrammet. I: Urd. Utg. A/S Urd. Oslo. 1913. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Føyen, Jean: Julenat. I: Urd. Utg. A/S Urd. Oslo. 1914. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Fotnotar
- ↑ Høyland: 212
Kjelder og litteratur
- Gotaas, Thor: Taterne - livskampen og eventyret. Utg. Andresen & Butenschøn. 2007. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Hagerup, Werner: Nokre notatar om Axeliane Johannesdotter. Småtrykk, lokalsamlinga ved Stord folkebibliotek.
- Høyland, Ola: Stord bygdebok. Utg. Stord herad. Stord. 1973. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jean Føyen i Historisk befolkningsregister.
- Moe, Tore Lande: Dei reisande - om tatatar og fantar. I: Sunnhordland. Utg. Sunnhordland museum. 2008. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 77-79.
- Sundt, Eilert: Fante- eller landstrygerfolket i Norge. 2005. Første gongen utg. 1852: Digital versjon på Nettbiblioteket.
- 100 år sidan Jean Føyen vart fødd - i Stord-fengslet. Haugesunds Avis 14. januar 1978
- Vakker testamentarisk gave til Stord. I: Bok og bibliotek. Utg. ABM-media. 1948. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Digitalarkivet Døypte i Stord kyrkje 1878