Jekter og vengbåtar på Nordmøre
Hopp til navigering
Hopp til søk
Det eldste skriftlege belegget for jekter eller vengbåtar på Nordmøre er ei iecth som hørte til Torstein Erikson på Veiholmen ifølgje skattmanntalet 1520 for Trondheims erkebispedømme. I 1563 vart det skattlagt 13 skipperar på Nordmøre, og i 1663 nemner amtsreknskapen for Trondheims stiftsamt 18 jekter på Nordmøre, varierande frå 3 til 15 kommercelestar. Utover 1800-talet er det nemnt mange jekter med byggjestad på Nordmøre — den siste i 1872. På den tida hadde jaktene teke over mykje av kystfarta.
Byggjeår | Namn | Drektigheit (kl) |
Reiar | Byggjestad |
---|---|---|---|---|
1814 | Lille Magdalene | 7 | Knud Danholm | Tolddistriktet (Nordmøre) |
1815 | Svømmeren | 8 | Jens Christie og John Toresen | Tolddistriktet |
1817 | Foreningen | 7 | Michel Grendahl | Tolddistriktet |
1817 | Forsøget | 3,5 | Gunder Mochelbost | Tolddistriktet |
1817 | Lovise | 5,5 | Erich Grønseth | Tolddistriktet |
1818 | Tvillingbrødrene | 8,5 | Hans C. Hansen | Tolddistriktet |
1819 | Caperen | 8 | Knudtzon & Sønner | Tolddistriktet |