Jekter og vengbåtar på Nordmøre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jekta «Oline» under sandlasting ved utløpet av SurnaNordmøre. Dette var ei jekt av den nyaste typen.
Foto: ukjent

Det eldste skriftlege belegget for jekter eller vengbåtarNordmøre er ei iecth som hørte til Torstein Erikson på Veiholmen ifølgje skattmanntalet 1520 for Trondheims erkebispedømme. I 1563 vart det skattlagt 13 skipperar på Nordmøre, og i 1663 nemner amtsreknskapen for Trondheims stiftsamt 18 jekter på Nordmøre, varierande frå 3 til 15 kommercelestar. Utover 1800-talet er det nemnt mange jekter med byggjestad på Nordmøre — den siste i 1872. På den tida hadde jaktene teke over mykje av kystfarta.

Form

Ein fjordskipper frå Nordmøre, teikna av C.F. Diriks.

På generelt grunnlag veit vi at lokale jektetradisjonar tek utgangspunkt i den lokale tradisjonsbåten, men med visse modifikasjonar. Dei eldre jektene var alltid klinkbygd. Dei hadde akterspegel og veng, og ripa var helst forsterka bl.a. med dobbel langise. Det finst ikkje noka nordmørsjekt bevart, men det er ein del fellestrekk med dei eldre jektene å finne i krøtterbåten frå Valsøya.

Krøtterbåten frå Valsøya har som fraktfartøy ein del trekk til felles med dei eldre jektene.
Foto: Olve Utne (2011).

Det første skipsverftet vi veit sikkert om i Christianssund vart etablert i Vågen i 1780-åra, og dei fleste sluppane, skonnertane, barkane, briggane og så vidare på Nordmøre vart bygd i Kristiansund til godt innpå 1800-talet. Likevel vart dei aller fleste jektene bygd utanom byen — noko som ser ut til å understreke sambandet mellom tradisjonsbåtane, her geitbåtane, og jekta.

Drektigheit

På 1600-talet oppgjev amtsreknskapet for Trondheim stiftsamt drektigheita til kvar jekt. Jektene opp til og med 6 kl. vart kategorisert som småe jekter. Vi ser at seks av dei 18 jektene var småe jekter på 3–6 kcl.; dei øvrige 12 var vanlege jekter på 7–15 kl.

Ser vi så på perioden 1814–1854, var det 22 småe jekter på 2,5–6 kl.; og 25 vanlege jekter på 6,5 til 12 kl. I tillegg var det éi jekt (1822) med drektigheit på 22 kl. Dei tre siste jektene, alle frå 1870-åra, var på 22,5–25 kl.

Med unntak av éi jekt i 1822 og dei tre frå 1870-åra, 17–18 år etter at den førre jekta vart bygd på Nordmøre, ser vi at jekta endra seg lite i størrelsen frå 1600-talet til 1800-talet.

Kjente jekter på Nordmøre

Denne tabellen viser jekter som er registrert i offentlege kjelder. I tillegg til desse jektene kan vi trygt gå ut frå at det har eksistert fleire — inkludert, men ikkje avgrensa til, jekter som er registrert i offentlege kjelder som enno ikkje har vorte gjennomgått her.

Byggjeår
(*Nemnt år)
Namn Drektigheit
(kl)
Reiar Byggjestad
1520* ? ? Torstein Eriksen, Veiholmen ?
1663* ? 14 Christoffer Krabbe, Wiigs Tinglaugh ?
1663* ? 6 Ole Kjeldzen, Wiigs Tinglaugh
1663* ? 3 Hans Wolde, Gimnes Tingl. ?
1663* ? 9 Ouden Aspen, Gimnes Tingl. ?
1663* ? 10 Hans Jacobsen, Gimnes Tingl. ?
1663* ? 15 Karen Oluffsdatter (enke etter toller Christopher Tønder) ?
1663* ? 8 Lisbeth Erichsdatter (enke efter prost Anders Eriksen, Kvernes), Gimnes Tingl. ?
1663* ? 10 Hans Mogensen, Meegs Tinglaug ?
1663* ? 8 Iffuer Thoressen, Meegs Tingl. ?
1663* ? 3,5 Olle Hasseløen, Meegs Tingl. ?
1663* ? 8 Amund Røeggen, Meegs Tingl. ?
1663* ? 8 Olle Knudtzen, Meegs Tingl. ?
1663* ? 12 Jacob Jenssen, Meegs Tingl. ?
1663* ? 9 Niels Pedersen, Griib ?
1663* ? 3 Olle Oelssen, Smøllen
1663* ? 4 Christen Oelssen, Bradtuehr ?
1663* ? 5 Peder Nielsen, Aadden ?
1663* ? 6 Nielss Hanssen, Aadden ?
1814 Lille Magdalene 7 Knud Danholm Tolddistriktet (Nordmøre)
1815 Svømmeren 8 Jens Christie og John Toresen Tolddistriktet
1817 Foreningen 7 Michel Grendahl Tolddistriktet
1817 Forsøget 3,5 Gunder Mochelbost Tolddistriktet
1817 Lovise 5,5 Erich Grønseth Tolddistriktet
1818 Tvillingbrødrene 8,5 Hans C. Hansen Tolddistriktet
1819 Caperen 8 Knudtzon & Sønner Tolddistriktet
1820 Emanuel 8 Knudtzon % Sønner Tolddistriktet
1820 Harrald 8 N. Knudtzon junior Tolddistriktet
1820 Lykkeline 6 Kaasbøl & Søn Tolddistriktet
1820 Nancy 2,5 Isaac & Th. Moses Tolddistriktet
1820 Betsy 6 Edvard Christie Tolddistriktet
1822 Anne Ejlertine 11 Christian Christie dette Distrikt
1822 Haabet 5 Knudtzon & Sønner Nordmøer
1822 Den unge Johan 22 Lars Pettersen Tolddistriktet
1822 Emanuel 4 Madame Gilroy Tolddistriktet
1823 Jagerten 5,5 Claus Marstrand Tolddistriktet
1823 Johan 9 L. Rachstang Christiansund
1825 Forsøget 11 Ole Throness Tolddistriktet
1825 Lykkens Prøve 9 Johan Schey Distriktet
1826 Harald 6 Knudtzon junior Christiansund
1826 Trine 6 Johan Meldahl Tolddistriktet
1827 Forsøget 11 Anders Grønseth Christiansund
1827 Martha Sophia 8,5 John Allan & Svend Olsen Christiansund
1828 Anne Margrethe 6 Hans Dahl Tolddistriktet
1828 Gjertine Petrine 11 Christian Christie og Anders Wæstad Tolddistriktet
1828 Nicoline Christine 12 Hans Clausen Christiansund
1828 Caroline 8 Ole Christian Christoffersen Christiansund
1831 Anne Cathrine 10 John Thoresen Nordmøers Fogderi
1832 Amalia Maria 9 John Halsteensen Nordmøers Fogderi
1833 Anne Johanne 8 Isaac Aasgaard, Stangvik Nordmøer
1833 Brødrene 4 Elias N. Ramsøe Tolddistriktet
1833 Et Forsøg 5,5 O. Øye og J. Sjøasæther Tolddistriktet
1833 Flora 10 G. Møchelgjerd Nordmøer
1833 Lykkens Prøve 6,5 N.H. Knudtzon og John Nekstad Nordmøer
1833 Margarethe 2,5 Ole Halden Nordmøer
1834 Ellina 5 J.O. Drypping Nordmøer
1834 Haabet 5 Peder Thoresen Christiansund
1834 Nøisomhed 6 Johannes H. Solem Nordmøer
1834 Ravnen 3,5 Peter Clausen Nordmøer
1835 Johanna Margretha 4 Jocum Steenersen Christiansund
1837 Anna 8 Th. Hoseth Nordmør
1837 Fisken 6 Caspar Lossius Nordmør
1837 Forsøget 3,5 H.L. Dahl Christiansund
1837 Haabet 6 J.O. Gjeldness Nordmør
1838 Forsøget 7 Christiansund
1841 Elisabeth 5 L.O. Lervig Stangvigen
1844 Lykkens Prøve 7 N.H. Knudtzon Nordmør
1845 Malurken 4 R.G. Dall Nordmør
1854 Bergithe 7 Vinje
1854 Elida 11,5 H. Grønseth Hevne
1871 Enigheden 22,5 Andreas Holm, Bodø Christiansund
1872 Brødrene 25 O. Sollem Christiansund
1872 Elina 24,5 R.C. Hommel Christiansund

Kjelder

  • Hoem, Arne I.: Skipsbyggingens historie for Kristiansund og Nordmøre. Kristiansund : Nordmøre Verkstedforening, 1982. ISBN 8299091306