Jens Jonasson
Hopp til navigering
Hopp til søk
Jens Jonasson var sokneprest i Jostedal prestegjeld tidleg på 1600-talet. Han vert nemnt som prest 1604[1] og 1620[2]. Opphavet hans er ukjend. Han er den fyrste presten ein kjenner namnet til i Jostedalen etter nyryddinga på 1500-talet. Jens var kanskje far til den seinare soknepresten Tøger Jensson. Øyane gissar på at Jens var fødd kring 1570 og død seinast 1625,[3] men han var truleg død seinast 1621 om det stemmer at etterfølgjaren Mikkel Nilsson vart sokneprest då.
Notar
Litteratur
- Zachariassen, Bjørn. (1961). Bergens domkapitels forhandlingsprotokoll. 1605-1624. (Bd. 1). Oslo: Instituttet.
- Hatting, Albert. (c1775). Forsøg til en Præste-Historie, eller nogenlunde Efterretning om det Bergenske Clerisie fra Reformationen til værende Tiid. (Tredie Deel.) Utrykt manuskript, Nasjonalbiblioteket i Oslo, Ms.4° 57. (digital utgåve, Jostedal historielag)
- Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune.(digital utgåve, NBdigital)
- Prestar i Jostedalen ca 1300-1395 (Jostedal historielag)
Forgjengar: Ukjent |
Prestar i Jostedalen (Ukjent–ca 1621)
|
Etterfølgjar: Mikkel Nilsson |