Jens Jonasson

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Jens Jonasson er den fyrste soknepresten ein kjenner namnet til i Jostedalen etter nyryddinga på 1500-talet og reformasjonen. Han er nemnd som sokneprest i 1605. Han kan såleis ha vore den fyrste presten i Jostedalen etter nyryddinga. Opphavet hans er ukjent, men Jens kan ha vore far til den seinare soknepresten Tøger Jensson som truleg var frå prestegarden i Jostedalen.

Det er uvisst kor lenge Jens levde og kor lenge han var prest i Jostedalen. Når han i det heile er kjend, er det fordi "her Jens paa Justedall" var vitne i ei sak i Bergen domkapittel 16. september 1605 om ei rekkje skuldingar mot presten i Luster, Anders Jonasson.[1].

Albert Hatting (ca 1775) skriv: "Jonas Jonøsen, nevnes som Sogne-Præst i Kaldet ved det Aar 1620." Det er ukjent kva kjelde frå 1620 Hatting byggjer på, og dette er nok det einaste grunnlaget seinare omtaler har for å nemna han Jonasson/Jonassøn.[2]. Det er såleis heller uvisst om far hans heitte Jonas.

Øyane gissar på at Jens var fødd kring 1570 og død seinast 1625,[3], men det siste er lite sannsynleg. Etter å ha vore fråverande i tiendmanntala for Sogn 1607-1614, dukkar Jostedalen årleg opp i tiendmanntala frå 1615-16 til 1618-19. Her er Jostedalen oppført som "et lidet annex" under Hafslo.[4] Dette fortel truleg om ein ny status for prestekallet i 1614/15, og det kan tyde på at Jens var død eller ute av embetet alt då. Dersom han var far til Tøger Jensson, må Jens iallfall ha levd til ca 1614 då Tøger vart fødd. Sikkert er det at etterfølgjaren Mikkel Nilsson hadde vorte sokneprest i Jostedalen seinast i 1621, truleg året før.

Notar

  1. Zachariassen 1961, s. 10. Avskrift (Jostedal historielag)
  2. Hatting c1775, s. 113 (jf. Lampe 1996, s. 1)
  3. Øyane 1994, s. 326
  4. Kongetienda 1614-18 (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Zachariassen, Bjørn. (1961). Bergens domkapitels forhandlingsprotokoll. 1605-1624. (Bd. 1). Oslo: Instituttet.
  • Hatting, Albert. (c1775). Forsøg til en Præste-Historie, eller nogenlunde Efterretning om det Bergenske Clerisie fra Reformationen til værende Tiid. (Tredie Deel.) Utrykt manuskript, Nasjonalbiblioteket i Oslo, Ms.4° 57. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 1. (digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune.(digital utgåve, NBdigital)
  • Prestar i Jostedalen ca 1300-1395 (Jostedal historielag)


Forgjengar:
 Ukjent 
Prestar i Jostedalen
(Før–ca 1620)
Etterfølgjar:
 Mikkel Nilsson