Johan Peter Fugellie: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 12: Linje 12:


Johan Peter Fugellie var gift tre gonger, med Dorthea Olena Pedersdatter Tasta (1835-1862) i 1853, i 1864 med Anna Karine Olsdatter Reilstad frå [[Finnøy]] (1846-1870) og i 1879 med Elen Olene Pernille Olsen Thorp (1841-1921). Han vart far til i alt 13 born i dei tre ekteskapa.
Johan Peter Fugellie var gift tre gonger, med Dorthea Olena Pedersdatter Tasta (1835-1862) i 1853, i 1864 med Anna Karine Olsdatter Reilstad frå [[Finnøy]] (1846-1870) og i 1879 med Elen Olene Pernille Olsen Thorp (1841-1921). Han vart far til i alt 13 born i dei tre ekteskapa.
== Landbruksutdanning og gardsbruk ==
I eit tidsrom mellom 1846 og 1850 var Johan Peter Fuggeli elev ved den landbruksskulen som [[Jan Adolph Budde]] hadde starta på Austrått i [[Høyland kommune|Høyland]] ved [[Sandnes]] i 1846. Johan Peter fekk i samband med dette også eit opphald i Skottland for å studere moderne landbruk der. I 1849 eller 1850 fekk han kjøpt eit bruk av garden [[Leikvoll]] i [[Randaberg]] for 3000 spesidalar.<ref>Lindanger, B. 1984:407 og 410.</ref> Det var ein stor sum, og gjennomgådde kjelder seier ikkje noko om korleis gardkjøpet vart finansiert. Fugellie dreiv garden fram til å bli eit mønsterbruk. I 1866 var det 141 dekar dyrka mark og dermed vart dette bruket av Leikvoll den tredje største garden i Randaberg. Garden fødde 13 kyr og tre hestar.I følgje folketeljinga året før hyste garden da eit hushald på 17 personar. Av familie var det Fugellie sjølv med kone og seks born i alderen 1-12 år, den gamle mor hans og systera til kona.  Dei andre var arbeidsfolk, dvs. ein dagleigar, tre tenestekarar og tre tenestejenter.  <ref>{{folketelling|bf01038207006427|Leikvoll|1865|Randaberg}}</ref> Den etter måten rikelege arbeidskrafta var nok til dels nødvendig for gardsdrifta. Men i tillegg til dette hadde Fugellie og mor hans i fleire år drive ei anna produksjonsverksemd der, nemleg av sydvestar og regnklede elles.


== Referansar ==
== Referansar ==

Sideversjonen fra 22. sep. 2017 kl. 12:20

Johan Peter Fugellie, også omtala som Petter Fugellie, (fødd i Kristiansand 26. november 1829, død i Stavanger 20. juli 1908) var gardbrukar og fabrikkgründar. Særleg er han kjend for sydvest- og oljehyreproduksjon som han og mor hans, Christiane Heede Fugellie, så smått byrja med på 1850-talet, og som var blitt ei betydeleg protoindustriell verksemd da Fugellie måtte gje tapt i konkurransen mot nye materialar og metodar i 1898. Eilert Sundt omtalar Fugellie i sin rapport om husfliden i Norge frå 1867, og gjev han følgjande attest: «Manden er en af disse driftige folk, om hvem det heder: ‘Sæt ham paa et bart Fjeld, og han vil faa noget ud deraf’».

Fugellie slutta seg til kvekarsamfunnet og var aktiv i det organiserte fredsarbeidet.

Bakgrunn og familie

Han var son av Christiane Heede (1792-1869) og hennar mann i andre ekteskap Thor Olsen Fugellie (1794-1854).

Mora var fødd og oppvaksen i Danmark, og kom frå ein urmakarfamilie. Ho var fyrst gift med Johan Peter Johnsen (ca. 1788-1825), også han visstnok fødd i Danmark, og som vart fattigforstandar (inspektør) i Kristiansand.

Far til Johan Peter Fuggelie, Thor (Thore) Olsen (1794-1854), var fødd på Mengshol i NesHedemarken (nåverande Ringsaker kommune), der foreldra var plassfolk.[1] I folketeljinga 1801 har familien ein husmannsplass under garden Faugli i Nes,[2] og det er sikkert forklaringa på familienamnet Fugellie. Husmannsguten Thor Olsen flytta frå heimbygda og hadde arbeidd seg fram til skipsførar og kjøpmann i Kristiansand da han gifta seg med enkja Christiane Heede Johnsen. Dei fekk altså sin fyrste son Johan Peter i 1829. Familien flytta seinare til Stavanger. Det har truleg samanheng med at ein son av Christiane frå fyrste ekteskap, den seinare publisist, stortingsmann og statsrevisor Johan Christian Johnsen, hadde etablert seg som kjøpmann der i 1837. I 1843 vart Christiane styrar for det nyoppretta Stavanger barneasyl. Det er ikkje kjent om mannen Thor Olsen dreiv noko eiga verksemd i Stavanger.

Johan Peter Fugellie var gift tre gonger, med Dorthea Olena Pedersdatter Tasta (1835-1862) i 1853, i 1864 med Anna Karine Olsdatter Reilstad frå Finnøy (1846-1870) og i 1879 med Elen Olene Pernille Olsen Thorp (1841-1921). Han vart far til i alt 13 born i dei tre ekteskapa.

Landbruksutdanning og gardsbruk

I eit tidsrom mellom 1846 og 1850 var Johan Peter Fuggeli elev ved den landbruksskulen som Jan Adolph Budde hadde starta på Austrått i Høyland ved Sandnes i 1846. Johan Peter fekk i samband med dette også eit opphald i Skottland for å studere moderne landbruk der. I 1849 eller 1850 fekk han kjøpt eit bruk av garden Leikvoll i Randaberg for 3000 spesidalar.[3] Det var ein stor sum, og gjennomgådde kjelder seier ikkje noko om korleis gardkjøpet vart finansiert. Fugellie dreiv garden fram til å bli eit mønsterbruk. I 1866 var det 141 dekar dyrka mark og dermed vart dette bruket av Leikvoll den tredje største garden i Randaberg. Garden fødde 13 kyr og tre hestar.I følgje folketeljinga året før hyste garden da eit hushald på 17 personar. Av familie var det Fugellie sjølv med kone og seks born i alderen 1-12 år, den gamle mor hans og systera til kona. Dei andre var arbeidsfolk, dvs. ein dagleigar, tre tenestekarar og tre tenestejenter. [4] Den etter måten rikelege arbeidskrafta var nok til dels nødvendig for gardsdrifta. Men i tillegg til dette hadde Fugellie og mor hans i fleire år drive ei anna produksjonsverksemd der, nemleg av sydvestar og regnklede elles.


Referansar

  1. Klokkerbok for Nes nr. 2, 1785-1813, s. 82-83, jf. Nes bygdebok bd. 2 del 4 s. 496 Mengshoel-eie.
  2. Mal:Folketelling person jf. Nes bygdebok bd. 2 del 4 s. 443 Faugli-eiet.
  3. Lindanger, B. 1984:407 og 410.
  4. Leikvoll i folketelling 1865 for Randaberg fra Digitalarkivet

Kjelder og litteratur