John Moses d.y.

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

John Moses (fødd i Kristiansund 16. april 1781, død i London 29. januar 1849) var kjøpmann, skipsreiar og eidsvollsmann. Fyrst på 1800-talet var han den leiande forretningsmannen i det velståande handelsborgarskapet i Kristiansund. Han deltok med iver i byens sosiale og kulturelle liv, og finansierte mellom anna operaframføringar der. Seinare gjekk han konkurs, vart skild frå kona, flytta til England og byrja på nytt ein karriere som forretningsmann der.

På Eidsvoll tilhøyrde Moses den sikraste kjernen av Unionspartiet. Han var elles blant dei som i tydelegast ordelag heilt frå byrjinga gjekk inn for avgrensing av kongemakta til føremon for den folkevalde forsamlinga.

Familienamnet og eit par bibelske førenamn som har vore nytta i slekta, har ført til gissingar om at John Moses hadde jødiske anar. Dei faktiske forhold kan ikkje seiast å vere bringa heilt på det reine, men den relevans spekulasjonane kan ha hatt i ulike samanhengar, er av interesse i seg sjølv.

Bakgrunn og familie

John Moses kom frå ein britisk familie som opphavleg hadde slege seg ned i Kristiansund på 1740-talet, og som hadde gått i bresjen for å byggje opp byen som kjøpstad med storstila klippfiskproduksjon og -eksport som viktigaste grunnlag. Den fyrste Moses i Kristiansund var John Moses d.e., grandonkelen til den yngre med det same namnet.

Faren til John Moses d.y., kjøpmann Isaac Moses (1738-1807), var fødd i Cumberland, England. Han kom til Kristiansund i 1768 og gifta seg i 1780 med Karen Barbara Thode (1760-1781), fødd og oppvaksen i Kristiansund. Ho døydde i barselseng da John vart fødd, allereie året etter bryllaupet. Faren gifta seg på nytt i 1788 med Anna Bolette Tvedt (1769-?), også ho frå byen. John fekk da sju halvsøsken fødde i tidsrommet 1789-1804.

I 1801 fekk den 19-20 år gamle John Moses eit barn med Anne Sophie Christiansen, kjøpmannsdotter frå same byen, utan at dei var gifte. Det vart sjølvsagt ein offentleg skandale, og det vart etter mykje om og men inngått avtale om erstatning til Anne Sophie og forsytingsbidrag til sonen.

John Moses gifta seg 22. februar 1804 i Kristiansund med Anna Holck Tordenskiold (1782-1854). Ho var også oppvaksen i Kristiansund, i det som seinare vart heitande Lossius-gården på Innlandet, dotter av krigskommissær Johan Christopher Wessel Tordenskiold (1727-1793) og Christine Bruun Kaasbøl. Krigskommissæren var nevø av sjøhelten Peter Wessel Tordenskiold, og vart adla i 1761 med onkelens adelege familienamn.

John Moses og kona fekk fem born, alle fødde i Kristiansund. Ekteskapet vart oppløyst i 1820. Han skal seinare ha gifta seg igjen i England, men sikre opplysningar om dette vantar.