Jon Fosse (f. 1959)

Sideversjon per 6. okt. 2023 kl. 15:06 av Olve Utne (samtale | bidrag) (bilde)

Jon Fosse (fødd 29. september 1959 i Haugesund) er forfattar, dramatikar og omsetjar. Han bur i Statens æresbustad kunstnarar, Grotten, i Oslo.

Jon Fosse
Foto: Jarle Vines (2007).

Fosse har skrive eit syttitals verk som inkluderer romanar, forteljingar, dikt, barnelitteratur, essay og skodespel, og verka hans er omsett til over femti språk. Dramaa hans er vortne oppførte i alle europeiske land – mest i Tyskland og Frankrike, men òg til dømes i Polen, England, USA, Brasil, Australia, Cuba, Kina, Japan og Malawi. Han har òg omsett mange teaterstykke og skjønnlitterære bøker.

Fosse har motteke mange prisar for bøkene og skodespela sine og er fleire gonger vorten omtala som ein av dei viktigaste dramatikarane i si samtid. Han er den mest framførte norske dramatikaren etter Henrik Ibsen. Den 5. oktober 2023 vart han tildelt Nobelprisen i litteratur som den fjerde norske prismottakaren etter Bjørnstjerne Bjørnson, Knut HAmsun og Sigrid Undset.

Prisar og heidersteikn

  • 1989 - Nynorsk barnelitteraturpris for Uendeleg seint
  • 1992 - Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond
  • 1992 - Nynorsk litteraturpris for Bly og vatn
  • 1994 - Samlagsprisen
  • 1996 - Melsom-prisen for Melancholia I
  • 1996 - Sunnmørsprisen for Melancholia I
  • 1996 - Ibsenprisen for Namnet
  • 1997 - Aschehougprisen
  • 1998 - Festspeldiktar på Dei Nynorske Festspela
  • 1998 - Æresmedlem av Norsk skuespillerforbund
  • 1999 - Gyldendalprisen
  • 1999 - Doblougprisen
  • 2000 - Heidersmedlem i Det Norske Samlaget
  • 2000 - Kulturdepartementets barnebokpris for Søster
  • 2000 - Nestroy-prisen for beste dramatiker
  • 2000 - Nordisk Teaterunions dramatiker-pris for Ein sommars dag
  • 2001 - Melsom-prisen for Morgon og kveld
  • 2001 - statsstipendiat
  • 2002 - Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for Morgon og kveld
  • 2002 - Skandinavisk Nationalteaterpris for Dødsvariasjonar
  • 2002 - Beste utenlandske forfatter, Theater heute
  • 2003 - Heddaprisen (Heddas ærespris)
  • 2003 - Ridder av Den franske nasjonale fortjenstorden
  • 2003 - Nynorsk litteraturpris for Auge i vind
  • 2003 - Norsk kulturråds ærespris
  • 2004 - Premio UBU for Vinter
  • 2005 - Kommandør av St. Olavs orden
  • Festspilldikter under Festspillene i Bergen
  • Brageprisen (Brages ærespris)
  • 2006 - Æresmedlem i Norske Dramatikeres Forbund
  • 2006 - Anders Jahres kulturpris
  • 2007 - Svenska Akademiens nordiska pris
  • 2007 - Deutscher Jugendliteraturpreis for Schwester (Søster)
  • 2009 - Bergen kommunes kunstnerpris
  • 2009 - Medalje tildelt av Benedikt XVI i Møte med kunstnerne i Det sixtinske kapell den 21. november 2009
  • 2010 - Den internasjonale Ibsenprisen
  • 2011 - Tildelt Statens æresbolig for kunstnere Grotten
  • 2012 - Målprisen
  • 2012 - Melancholie (Melancholia I-II) kåret til beste skjønnlitterære bok i 1995, Die Zeit
  • 2014 - European Prize for Literature
  • 2015 - Æresdoktor (dr.h.c.) ved Universitetet i Bergen
  • 2015 - Nordisk råds litteraturpris for Trilogien
  • 2016 - Willy Brandt-prisen
  • 2017 - Preis der Stadt Münster für Internationale Poesie
  • 2019 - Æresprofessor ved Shanghai Theatre Academy
  • 2019 - Nynorsk litteraturpris for Det andre namnet. Septologien I-II
  • 2020 - Langlista til The International Booker Prize for The Other Name. Septology I-II
  • 2021 - Ibsenprisen for Slik var det
  • 2021 - Æresdoktor ved Janacek-akademiet i Brno
  • 2021 - Brageprisen for Eit nytt namn. Septologien VI-VII
  • 2021 - Kritikerprisen 2021 for Eit nytt namn. Septologien VI-VII
  • 2022 - Kortlista til The International Booker Prize for A New Name. Septology VI-VII
  • 2022 - Finalist til National Book Award for A New Name. Septology VI-VII
  • 2022 - Medlem av Akademie der Künste Berlin
  • 2023 - Finalist til National Book Critics Circle Award for A New Name. Septology VI-VII
  • 2023 - Deutscher Hörbuchpreiz til Max von Pufendorf for innlesing av Eg er ein annan
  • 2023 - Kortlista til Republic of Consciousness-prisen for Septology i USA og Canada
  • 2023 - Nobelprisen i litteratur.

Ressursar i Nasjonalbiblioteket

Materiale av og om Jon Fosse

Nasjonalbiblioteket har verdas største samling av materiale av og om Jon Fosse, og bevarer og forvaltar Fosses privatarkiv og alle verka hans. '

I Nettbiblioteket finn du bøker, teaterprogram, plakatar, tidsskrift- og avisartiklar og mykje anna Fosse-materiale.

Verkliste

Nasjonalbibliotekets Fosse-bibliografi har referansar til verk på originalspråket og i omsettingar, artiklar i bøker og tidsskrift – av og om Jon Fosse – teatermanus, teaterprogram, bearbeidingar basert på verk av Fosse, Fosse sine omsettingar og attdiktingar av andre.

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!