Jondal kommune: Forskjell mellom sideversjoner
(opphør) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 16: | Linje 16: | ||
| delt = 1965: [[Tørvikbygd]] overførd til [[Kvam kommune|Kvam]]. | | delt = 1965: [[Tørvikbygd]] overførd til [[Kvam kommune|Kvam]]. | ||
| sammenslått = 1965: [[Kysnes (Jondal)|Kysnes]] overførd frå [[Strandebarm kommune|Strandebarm]] | | sammenslått = 1965: [[Kysnes (Jondal)|Kysnes]] overførd frå [[Strandebarm kommune|Strandebarm]] | ||
| delav = | | delav = [[Ullensvang herad]] | ||
| målform = | | målform = | ||
| url = | | url = |
Sideversjonen fra 9. jan. 2020 kl. 06:50
Jondal kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1227 |
Fylke | Hordaland |
Kommunesenter | Jondal |
Grunnlagt | 1846 |
Opphørte | 2020 |
Delt i | 1965: Tørvikbygd overførd til Kvam. |
Slått saman med | 1965: Kysnes overførd frå Strandebarm |
No del av | Ullensvang herad |
Jondal kommune låg i Hardanger i Hordaland fylke, og grensa til Ullensvang, Kvinnherad og Kvam. Administrasjonssenteret låg i bygda Jondal. Kommunen hadde ingen tettstader.
Jondal vart eigen kommune i 1862, då bygda vart skild ut frå Strandebarm. Ved ei kommuneregulering i 1965 vart krinsen Tørvikbygd på vestsida av Hardangerfjorden overført til Kvam, samstundes som garden Kysnes på austsida av fjorden vart overført frå Strandebarm til Jondal. Den siste grensereguleringa kom i 2013, då området på nordsida av munningen til Maurangerfjorden (Gausvik-Årsand-Hessvik) gjekk frå Kvinnherad til Jondal. I 2016 vedtok kommunestyret i Jondal med ni mot åtte røyster samanslåing med nabokommunane Ullensvang og Odda til nye Ullensvang herad frå 2020.
Jondal var ein jordbrukskommune med dyrehald, særleg sau og storfe, og frukt- og bærdyrking som viktige næringsvegar. Langs Hardangerfjorden er det fiskeoppdrett og fiskeforedlingsindustri og den tidlegare kommunen har også lange tradisjonar for båtbygging.
Jondal skule var den einaste grunnskulen i kommunen, etter at grendeskulane Herand og Kysnes vart nedlagde.
Kommunen hadde frå slutten av 1800-talet og fram til byrjinga av 2000-talet ein nesten samanhengande nedgang i folketalet, men i tiårsbolken 2007–2017 auka innbyggjartalet med i gjennomsnitt 0,5 prosent i året.