Jostedal barnehage

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. des. 2010 kl. 21:47 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Jostedal barnehage''' er ein kommunal barnehage i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Hausten 1979 kom det i gang ein kommunal korttidsbarnehage i 1. klasser…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jostedal barnehage er ein kommunal barnehage i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane.

Hausten 1979 kom det i gang ein kommunal korttidsbarnehage i 1. klasserommet på Jostedal skule med opningstid 9-12 måndag og torsdag. Fyrste hausten gjekk 15 born i alderen 3-6 år i barnehagen. Styrar dei fyrste åra var Kari Beheim Karlsen.

Gjennom 1980-åra vart opningstida noko utvida. Då ein del barnefamiliar flytte til Jostedalen i andre halvdel av 1980-åra, kom spørsmålet om heiltidsbarnehage opp. Dette vart ein realitet sist i 1980-åra etter ei politisk mobilisering.

På same tida melde behovet seg for eigne barnehagelokale. Eit alternativ var å ta i bruk eit kommunalt bustadhus i det nye byggjefeltet på Gjerde der fleire av dei nye småbarnsfamiliane budde, men familiane sjølve ynskte at barnehagen vart lagd til området ved Jostedal skule og Jostedal samfunnshus i Krekane. Dette vart vedteke av kommunestyret i Luster, og i 1990 opna den nybygde Jostedal barnehage som eit tilbygg til Jostedal samfunnshus. Barnehagen har dermed både kunna bruke kjøkenet, gymsalen og matsalen i samfunnshuset. Ei tid tidleg i 1990-åra var det over 40 born i barnehagen, og han måtte delast i to avdelingar. Avdelinga med dei største borna heldt då til i matsalen.

Barnehagestyrar sidan 1988 har vore Oddbjørg Ese.

Kjelder