Jostedal kyrkje: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 5: Linje 5:


==Ny kyrkje==
==Ny kyrkje==
<onlyinclude>Den fyrste skriftlege kjelda ein har etter Svartedauden er ei skatteliste datert til 1596 som fortel kva ytingar presten skulle ha frå bøndene. I samband med nyryddinga hadde ein truleg sett den gamle stavkyrkja i stand. På ei synfaring 6. januar 1656 vart det slege fast at kyrkja var for dårleg, og at ei ny laut byggjast.</onlyinclude><ref>Synfaringsdokument 6.1.1656 [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=758 (digital utgåve)]</ref> Eit dokument datert 2. oktober 1660 fortel at den nye kyrkja då stod ferdig, og ho vart taksert til 216 riksdalar.<ref>Synfaringsdokument 2.10.1660 [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=390 (digital utgåve)]</ref> Leiar for kyrkjebygginga var [[kyrkjeombodsmenn i Jostedalen|kyrkjeombodsmann]] og sokneprest [[Tøger Jensson]]. Bygningstekniske granskingar i 2009-2010 har dokumentert omfattande gjenbruk av bygningdelar frå den tidlegare kyrkja. Det mellom anna sannsynleg at heile koret har vorte bygt til ei tidlegare kyrkje og sett inntil den nye.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?p=1336 Ola Storsletten: Gjenanvendte bygningsdeler i Jostedalen kirke? NIKU oppdragsrapport 140/2010]</ref>
<onlyinclude>Den fyrste skriftlege kjelda ein har etter Svartedauden er ei skatteliste datert til 1596 som fortel kva ytingar presten skulle ha frå bøndene. I samband med nyryddinga hadde ein truleg sett den gamle stavkyrkja i stand. På ei synfaring 6. januar 1656 vart det slege fast at kyrkja var for dårleg, og at ei ny laut byggjast.</onlyinclude><ref>Synfaringsdokument 6.1.1656 [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=758 (digital utgåve)]</ref> Eit dokument datert 2. oktober 1660 fortel at den nye kyrkja då stod ferdig, og ho vart taksert til 216 riksdalar.<ref>Synfaringsdokument 2.10.1660 [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=390 (digital utgåve)]</ref> Leiar for kyrkjebygginga var [[kyrkjeombodsmenn i Jostedalen|kyrkjeombodsmann]] og sokneprest [[Tøger Jensson]]. Bygningstekniske granskingar i 2009-2010 har dokumentert omfattande gjenbruk av bygningdelar frå den tidlegare kyrkja. Det er mellom anna sannsynleg at heile koret har vorte bygt til ei tidlegare kyrkje og sett inntil den nye.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?p=1336 Ola Storsletten: Gjenanvendte bygningsdeler i Jostedalen kirke? NIKU oppdragsrapport 140/2010]</ref>


==Seinare utbetringar==
==Seinare utbetringar==

Sideversjonen fra 5. okt. 2010 kl. 20:22

Anders Beer Wilse: fotografi av Jostedal kyrkje frå 1926. Originalen finst hos Norsk Folkemuseum.

Jostedal kyrkje står ved Jostedøla i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Det er ei langkyrkje i tre som stod ferdig i 1660. Kyrkja er soknekyrkje i Jostedal sokn i Indre Sogn prosti.

Mellomalderkyrkja

1660-kyrkja er truleg den andre kjende kyrkja på staden. Den fyrste var truleg ei stavkyrkje som vart bygd i mellomalderen, kanskje på 1200-talet. Det er kjent frå to diplom daterte til 1318/19 og 1322/23 at Jostedalen hadde kyrkje og prest. Ein gong etter Svartedauden vart Jostedalen lagt øyde, og bygda vart truleg ikkje teken opp att før i andre halvdel av 1500-talet.

Ny kyrkje

Den fyrste skriftlege kjelda ein har etter Svartedauden er ei skatteliste datert til 1596 som fortel kva ytingar presten skulle ha frå bøndene. I samband med nyryddinga hadde ein truleg sett den gamle stavkyrkja i stand. På ei synfaring 6. januar 1656 vart det slege fast at kyrkja var for dårleg, og at ei ny laut byggjast.[1] Eit dokument datert 2. oktober 1660 fortel at den nye kyrkja då stod ferdig, og ho vart taksert til 216 riksdalar.[2] Leiar for kyrkjebygginga var kyrkjeombodsmann og sokneprest Tøger Jensson. Bygningstekniske granskingar i 2009-2010 har dokumentert omfattande gjenbruk av bygningdelar frå den tidlegare kyrkja. Det er mellom anna sannsynleg at heile koret har vorte bygt til ei tidlegare kyrkje og sett inntil den nye.[3]

Seinare utbetringar

Kyrkja er seinare påbygt og utbetra fleire gonger. I 1682 vart tårnet blese ned av vinden frå ei snøskrede. Det er mogleg at tårnet vart flytt då det vart bygt opp att. Kyrkjerommet vart dekorert av Moses Målar 1714-16. Kring 1900 var det på tale å rive kyrkja og byggje ny fordi ho var for lita. Etter at arkitekt Schreiner i Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers bevaring engasjerte seg, bad kommunestyret om å få nytte det statlege tilskotet på 4500 kr til vøling av den gamle kyrkja i staden for bygging av ei ny. Heile kyrkja vart deretter restaurert 1907-1910 under leiing av ariktekt J. Kløften, og våpenhuset og koret vart utvida noko. I samband med 300-årsjubileet i 1960 vart så kyrkja pussa opp på nytt, denne gongen utan større endringar.

Jubileum 2010

I samband med 350-årsjubileet for kyrkja i 2010 vart det gjeve ut ei stor praktbok om kyrkja der den eksisterande kunnskapen om soga til kyrkjebygningen og presteembetet er oppsummert.

Notar

Kjelder

Bakgrunnsstoff