Jostedal sparebank: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 16: Linje 16:


==Litteratur==
==Litteratur==
*Ormberg, Asbjørg. (1997). Jostedal sparebank. ''Jostedal skule- og bygdeavis'' (Nr. 40), 84-85.
*Ormberg, Asbjørg. (1997). Jostedal sparebank. ''[[Jostedal skule- og bygdeavis]]'' (Nr. 40), 84-85.
*Evjestad, Alf Henning, m.fl. (2000). ''Ein kommune - ein bank.'' Gaupne: Luster sparebank.
*Evjestad, Alf Henning, m.fl. (2000). ''Ein kommune - ein bank.'' Gaupne: Luster sparebank.



Sideversjonen fra 8. des. 2010 kl. 10:50

Jostedal sparebank (Jostedals sparebank) i Jostedalen, Sogn og Fjordane, vart skipa 13. juli 1895. Grunnfondet for banken kom frå verdiane frå Jostedal bygdemagasin som vart avvikla på same tida. Fram til 1895 hadde kornmagasinet òg dels fungert som ein bank. Fyrste ordførar i bankdireksjonen var Christian Nitter Kronen med varaordførar Erik L. Espe. Banken fekk i 1907 lokale i kommunehuset på Bruvoll under Bakken som Jostedal kommune kjøpte.

Jostedal sparbank var mellom dei bankane som fekk store problem i kriseåra etter fyrste verdskrigen. Banken kom fyrst til akkord med styresmaktene, men måtte i 1936 slå seg konkurs. Kommunestyret sette straks i gang med å skipe ein ny sparebank, og nye Jostedal sparebank vart 9. oktober 1937 skipa med eit grunnfond på 22 500 kr. 7500 kr kom frå Noregs Bank, 7500 kr frå Finansdepartementet og 7500 kr frå private i Jostedalen.

I 1949 fekk sparbanken lokale i det nye kommunehuset i Sagarøy.

Dei fyrste drøftingane om å slå saman Jostedal sparebank, Hafslo sparebank og Luster sparebank kom i samband med kommunesamanslåinga i 1963. Etter mykje fram og tilbake slo dei tre bankane seg saman til nye Luster sparebank. Bankinspeksjonen godkjende fusjonen 20. juni 1974, og han vart sett i verk frå 1975.

Hafslo sparebank sette i gang prøvedrift med bankbuss i 1967, og året etter kjøpte dei tre sparebankane inn ein bankbuss i lag som òg hadde rute i Jostedalen. Bankbussen vart avvikla i 2008, som den siste i landet.

Sjå òg Direksjonen i Jostedal sparebank.

Arkiv

  • Jostedals sparebank (1895-1931), Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
  • Delar av arkivet gjekk tapt under flaumen i Jostedalen i 1979.

Litteratur

  • Ormberg, Asbjørg. (1997). Jostedal sparebank. Jostedal skule- og bygdeavis (Nr. 40), 84-85.
  • Evjestad, Alf Henning, m.fl. (2000). Ein kommune - ein bank. Gaupne: Luster sparebank.

Eksterne ressursar