Jostedal spel- og dansarlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. jan. 2011 kl. 09:27 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Jostedal spel- og dansarlag''' vart skipa våren 1979 som ei vidareføring av Jostedal spelemannslag som då hadde vore utan aktivitet i fleire år. Laget vart skipa som ei grupp…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jostedal spel- og dansarlag vart skipa våren 1979 som ei vidareføring av Jostedal spelemannslag som då hadde vore utan aktivitet i fleire år. Laget vart skipa som ei gruppe under dei to ungdomslaga Fram og Jostedal, men med eige styre og eigne medlemskort. Seinare vart laget utskild som eit eige lag og innmeld i Landslaget for spelemenn. Skipingsfesten var 3. mars 1979.

Laget har vore svært viktig både for å føra vidare tradisjonsmusikken i Jostedalen (særleg felemusikken), og folkedansen (særleg jostedalsspringaren).

I det fyrste styret sat Sverre Ruud (formann), Åsne Bergset, Sigrun Vigdal, Dagrun Hesjevoll og Harald Hesjevoll.

Kjelder