Just Borthen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Just Borthen er gravlagt på Vestre gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013)

Just Borthen (født 21. januar 1883 i Trondheim , død 23. juli 1961 i Oslo) var ein arkitekt som verka i perioden 1908–ca. 1950.[1]

Just Borthen tok examen artium i 1902. Han tok eksamen ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt, arkitektlinja, i 1906 og studerte ved Kunstakademiet i København i 1907 og 1908.[2] Borthen var medeigar i firmaet Borthen og Brantzeg saman med Paul Eugen Brantzeg frå 1914.

Av kjende arbeid kan nemnast: Avløs stasjon, Bærumsbanen 1924. Avløs funksjonærby 1924. (27 eineboligar 12 tomannsboligar for funksjonærar ved AS Bærumsbanen, alle i Bærum. Gabels gate 4, Gabelsgate felleskjøkkenhus AS, 1928, i Oslo. Førebels er ingen arbeid frå nokon gjenreisingsby kjend, men han arbeidde ifølgje Norsk kunstnerleksikon under andre verdskrigen i Bodø med gjenreising av byen.[3]


Borthen vart teken som gissel av okkupasjonsmakta 12. januar 1942 og var fange på Grini frå 13.januar 1942 til 8. juli same året.[4] Grinimuseet har tre akvarellar der Borthen har skildra miljøet på Grini.[5]

Just Borthen er gravlagd på Vestre gravlund i Oslo.

Referanser

  1. https://docplayer.me/7940555-Gjenreisingsarkitektane.html
  2. Studentene fra 1902 : biografiske oplysninger samlet til 25-års-jubileet 1927
  3. https://nkl.snl.no/Just_Borthen
  4. Norsk fangeleksikon. Grinifangene (1946). Oslo: Cappelen, s. 50
  5. https://digitaltmuseum.org/search/?aq=name%3A%2290287860-9F38-46BF-B91D-2A7D2E2AE7A5%22}


Senter for gjenreisningsarkitektur logo.jpg Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.