Karender Dieseth

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Karender Dieseth (fødd i Åmot 1846, død i Kristiania 1916) var venstremann og gardbrukar. Han var son til husmann Ole Eriksen og Oleana Olsdatter. Karender var gift med Johanne Mathea Kjærnes frå Frogn. Ho var dotter til gardbrukar Kristian Olsen Kjærnes og Petra Amundsdotter.

Karender tok lærareksamen i 1868 og var lærar i Frogn og Ås før han vart gardbrukar på Børsum i Ås i 1881. Etter 1891 budde han i Kristiania og var agent (sal av eigedom). Han og kona er gravlagde på Vår frelsers gravlund.

Karender Dieseth var sentral i skipinga av Venstre i 1884. Han var stortingsvaramann for Akershus og møtte i staden for Johan Sverdrup frå juni 1884. I 1887 gav han ut bladet Bonden.

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!