Karender Dieseth

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Karender Dieseth. Bilete frå boka Aas herred av N.A. Dahl, 1916.
Karender Dieseth er gravlagd i familiegrav på Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2025)

Karender Olsen Dieseth (fødd 10. juni 1846 i Åmot, død 2. juni 1915 i Kristiania) var lærar, gardbrukar og venstremann. Han var son til husmann Ole Eriksen og Oleana Olsdatter. Karender var gift med Johanne Mathea Kjærnes frå Frogn. Ho var dotter til gardbrukar Kristian Olsen Kjærnes og Petra Amundsdotter.

Karender tok lærareksamen i 1868 og var lærar i Frogn og Ås før han vart gardbrukar på Børsum i Ås i 1881. Etter 1891 budde han i Kristiania og var agent (sal av eigedom).

Karender Dieseth var sentral i skipinga av Venstre i januar 1884. Han var stortingsvaramann for Akershus og møtte i staden for Johan Sverdrup frå juni 1884. I den neste valbolken, 1886-1888, var han 1. representant frå amtet.

I 1887 redigerte han bladet Bonden, organ for Akershus venstreforening.

Karender Dieseth og kona er gravlagde i familiegrav på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Stortingsmand er nytta som tittel på gravminnet.

Kjelder og litteratur