Kina: Forskjell mellom sideversjoner

36 byte lagt til ,  12. mar. 2019
ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 23: Linje 23:
Taoisme og konfusianisme har sitt opphav i Kina, og buddhismen kom tidleg inn frå [[India]]. Desse tre religionane har blitt tolerert, og mange kombinerer element frå dei tre i sin religiøse praksis. Styresmaktene har til dels tatt kontroll over religiøse grupper, og nytter dette til å drive sosial kontroll. Tibetanske buddhistar har blitt forfulgt fordi dei blir mistenkt for å kjempe for tibetansk sjølvstyre.   
Taoisme og konfusianisme har sitt opphav i Kina, og buddhismen kom tidleg inn frå [[India]]. Desse tre religionane har blitt tolerert, og mange kombinerer element frå dei tre i sin religiøse praksis. Styresmaktene har til dels tatt kontroll over religiøse grupper, og nytter dette til å drive sosial kontroll. Tibetanske buddhistar har blitt forfulgt fordi dei blir mistenkt for å kjempe for tibetansk sjølvstyre.   


Kristendommen kom først til Kina på 600-talet med iranske handelsmenn. På 1200-talet kom [[Fransiskanerordenen|fransiskanarar]] til Beijing, og det blei oppretta eit bispedøme der. Denne kyrkja døydde ut. På 1600- og 1700-talet kom [[Jesuittordenen|jesuittane]], og dei klarte å omvende mange. [[Den katolske kyrkja]] fekk stor oppslutning, mellom anna fordi misjonærane omtolka forfedrekulten som var vanleg i Kina som ein form for [[helgen]]kult. Dette tok slutt i 1704, då pave Klemens XI la ned forbod mot ei slik tolkning. Dette førte til ein periode med forfølging av kristne, og jesuittane blei utviste. Ein del haldt fram som katolikkar, og i 1810 var det kring 80 kinesiske prestar og kring 200 000 truande. Den protestantiske misjonen tok til i 1807, og etter opiumskrigane 1839–1842 og 1856–1860 blei Kina ein viktig misjonsmark. Etter revolusjonen i 1949 blei misjonærane skulda for å representere framande makter, og dei blei utviste. Etter liberaliseringa har kristne grupper fått noko større fridom, men det er sit krav om statleg kontroll. Til dømes finst det ein statleg katolsk kyrkje parallelt med ein ulovleg katolsk kyrkje knytta til pavekyrkja.
Kristendommen kom først til Kina på 600-talet med iranske handelsmenn. På 1200-talet kom [[Fransiskanerordenen|fransiskanarar]] til Beijing, og det blei oppretta eit bispedøme der. Denne kyrkja døydde ut. På 1600- og 1700-talet kom [[Jesuittordenen|jesuittane]], og dei klarte å omvende mange. [[Den katolske kyrkja]] fekk stor oppslutning, mellom anna fordi misjonærane omtolka forfedrekulten som var vanleg i Kina som ein form for [[helgen]]kult. Dette tok slutt i 1704, då pave Klemens XI la ned forbod mot ei slik tolkning. Dette førte til ein periode med forfølging av kristne, og jesuittane blei utviste. Ein del haldt fram som katolikkar, og i 1810 var det kring 80 kinesiske prestar og kring 200 000 truande. Den protestantiske misjonen tok til i 1807, og etter opiumskrigane 1839–1842 og 1856–1860 blei Kina ein viktig misjonsmark. Etter revolusjonen i 1949 blei misjonærane skulda for å representere framande makter, og dei blei utviste. Etter liberaliseringa har kristne grupper fått noko større fridom, men det er sit krav om statleg kontroll. Til dømes finst det ei statleg katolsk kyrkje parallelt med ei kanonisk legitim, men ulovleg katolsk kyrkje utgått frå og knytta til pavekyrkja.


==Kina og Noreg==
==Kina og Noreg==