Kjeldearkiv:1889-12-27 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. nov. 2017 kl. 13:52 av Gudmund Harildstad (samtale | bidrag) (Ny side: ''Nr. 64: Kleiven frå Vågå'' Lalm 27. 12 [1889] Kristian! Med “bokringen” bli det nok berre skjit, ettersom eg kan skjøne, for eg trur ikkje vi bli såmange som 10. Eg har...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nr. 64: Kleiven frå Vågå

Lalm 27. 12 [1889]

Kristian!

Med “bokringen” bli det nok berre skjit, ettersom eg kan skjøne, for eg trur ikkje vi bli såmange som 10. Eg har arbeidt ut eit bokutval med 3 “alternativ”, men eg er ikkje kar for å koma under 6 kr. på kvar medlem um vi vørte 12 stkj. Fær vist la det skure. Skulde eg vera så heppen å få med såmange, at vi kunde bli 10 skal eg sende deg “beskjeng” m. m. men når det ikkje alt er tilskjipa no, kom det til å dragne så langt på åre førr vi kom igang, at du, som truleg skal und[e]r malisen, vilde forlise ein heil haug med lesnad. Som det no står veit eg ikkje å få med fleire enn sjau.

Har liggje inne å grisa heile jula, lese “Innestengt”, “Småstubbar” V m. m. Glup bok den åt Sande! Fælt til kar han Mons, bli!

Men no skal du høyre eg har nogo fælt i verkom! Eg tenkjer på å gjeva ut blae åt Samtalelage[1] vort som månadsblad som dei, som vilde, kunde få tinge. Skulde arbeie for målsaken, for kvinnesaken, mot uskikker, for betre moral, for friheit, likheit, brorskap. Skriv åt Filseth imorgon for å lye etter kva det vil koste å få trykt t. d. 25 no på storleik som “Framg.” 1 gong i månaen. Redaktørane har eg meint skulde bli eg, du og Kari Melum og kanskje Hans Øihusom. Samtalelage væl kanhende meg til redaktør, um dei går med på dette brigde, men i så tilfelle vil eg få sikkert lov på døkkor hjelp.

Trur du ikkje det kunde gå an å få gjort nogo med di? Vekt hugen og ettertanken, klåra syne og vekt ordskifte mann og mann imellem um mangt, som no går forbi i lause luften. Jau, eg veit du går med.

Val på or[d]førar idag i bygdastyre: truleg vil den trutne klukkaren døkkun[2] få mange stemmor.

Godt nyttår!

Din

Ivar.

Paoskrivt.

Fell det forrdyrt å prente Otdølen så lyt vi freiste ein hektograf. Elles tenkjer eg Filseth beinkar til det han kan for å få det så billigt som mogelegt.

Trur du, at t. d. Ola Prestgarden både kunde og vilde skrive lite i bladet? Held helles tett um det heile til vi fær sjå. Årsmøte i samtalelage sondag millom jul og nyttår kl. 5 eftan, kom, har du hug.

Ds.

  1. Otdølen.
  2. Jørgen Nilsen.