Kjeldearkiv:1889-12-27 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1889-12-27 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 27.12.1889
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 64
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Lalm 27. 12 [1889]

Kristian!

Med “bokringen” bli det nok berre skjit, ettersom eg kan skjøne, for eg trur ikkje vi bli såmange som 10. Eg har arbeidt ut eit bokutval med 3 “alternativ”, men eg er ikkje kar for å koma under 6 kr. på kvar medlem um vi vørte 12 stkj. Fær vist la det skure. Skulde eg vera så heppen å få med såmange, at vi kunde bli 10 skal eg sende deg “beskjeng” m. m. men når det ikkje alt er tilskjipa no, kom det til å dragne så langt på åre førr vi kom igang, at du, som truleg skal und[e]r malisen, vilde forlise ein heil haug med lesnad. Som det no står veit eg ikkje å få med fleire enn sjau.

Har liggje inne å grisa heile jula, lese “Innestengt”[1], “Småstubbar” V[2]. m. m. Glup bok den åt Sande! Fælt til kar han Mons, bli!

Men no skal du høyre eg har nogo fælt i verkom! Eg tenkjer på å gjeva ut blae åt Samtalelage[3] vort som månadsblad som dei, som vilde, kunde få tinge. Skulde arbeie for målsaken, for kvinnesaken, mot uskikker, for betre moral, for friheit, likheit, brorskap. Skriv åt Filseth imorgon for å lye etter kva det vil koste å få trykt t. d. 25 no på storleik som “Framg.” 1 gong i månaen. Redaktørane har eg meint skulde bli eg, du og Kari Melum og kanskje Hans Øihusom. Samtalelage væl kanhende meg til redaktør, um dei går med på dette brigde, men i så tilfelle vil eg få sikkert lov på døkkor hjelp.

Trur du ikkje det kunde gå an å få gjort nogo med di? Vekt hugen og ettertanken, klåra syne og vekt ordskifte mann og mann imellem um mangt, som no går forbi i lause luften. Jau, eg veit du går med.

Val på or[d]førar idag i bygdastyre: truleg vil den trutne klukkaren døkkun[4] få mange stemmor.

Godt nyttår!

Din

Ivar.

Paoskrivt.

Fell det forrdyrt å prente Otdølen så lyt vi freiste ein hektograf. Elles tenkjer eg Filseth beinkar til det han kan for å få det så billigt som mogelegt.

Trur du, at t. d. Ola Prestgarden både kunde og vilde skrive lite i bladet? Held helles tett um det heile til vi fær sjå. Årsmøte i samtalelage sondag millom jul og nyttår kl. 5 eftan, kom, har du hug.

Ds.

Fotnoter

  1. Forteljing (1889) av Olav Sande.
  2. Smaastubbar. Femte samling var ein del av ein serie med forteljingar av ymse forfattarar som Mons Litleré hadde byrja å gje ut i 1886 under tittelen Smaa-stubbar aat folket.
  3. Otdølen.
  4. Jørgen Nilsen.