Brevsamling Kleiven-Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Brevsamlinga kom i 2017 ut i bokform.

Brevsamling Kleiven-Prestgard inneheld 178 brev.

Kulturhistorikaren Ivar Kleiven (1854-1934) frå Vågå og pressemannen Kristian Prestgard (1866-1946) frå Heidal var vener frå ungdomen og gjekk i lag på Telemark Folkehøgskule 1885–86. Sidan budde Kleiven fast i Vågå, med Prestgard reiste ut, fyrst til Danmark og i 1893 til Amerika. Dei møttest berre éin gong seinare, sommaren 1927. Breva vart det personlege bandet mellom dei. Her fortel dei om arbeid, kultur, heimeliv og lengt i eit levande, personleg språk. Kleiven bruker både vågåmål, austlandsmål og landsmål. Prestgard skiftar frå dialekt og landsmål i Noreg til riksmål i Amerika, men den lokale tonen ligg alltid under.

Sjå òg