Kjeldearkiv:Bendik i Nø`n: Forskjell mellom sideversjoner

Hopp til navigering Hopp til søk
m
{{nn}}
(kategoriar og lenkjer)
m ({{nn}})
(2 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist)
Linje 6: Linje 6:
Eit fatigsleg namn, men ein sermerkt, ein stor mann i sitt kall! Han var fødd i ei liti hytte — halvt inngrave i jordbakken, halvt utanfor, med eit skråtak over — litt  sud  for  Svanhild    i Svenesbygdi i [[Nord-Aurdal]], [[Valdres]].

Det var mori som heldt seg i denne elege heimen. Faren var ein gild bonde, Tore Bendikson Strand, som budde på Follinglo og var med millom dei som valde tingmenn til [[Riksforsamlingen|Eidsvollforsamlingi]] i 1814. Endå um Bendik var fødd og uppalen som barn i den vesle nødsheimen, kan han likevel reknast med til dei som Vinje viste til med ordi: «Stor arv det er for mannen av godt folk vera fødd.» — Det kom ogso fram i kunsti hans.

Frå fyrst av bar mori han med seg når ho var ute i arbeid kring i gardane. Då han vart litt større, låste mori han att inne i den vesle nødsheimen medan ho var burte. Tidi fall då lang og keidsam for småguten åleine innestengd i den vesle hytta. Då galdt det um å finna på noko han kunde trøyta ti di med.

Frå fyrst av bar mori han med seg når ho var ute i arbeid kring i gardane. Då han vart litt større, låste mori han att inne i den vesle nødsheimen medan ho var burte. Tidi fall då lang og keidsam for småguten åleine innestengd i den vesle hytta. Då galdt det um å finna på noko han kunde trøyta tidi med.

Ein gong hadde han høyrt Jørn Hilme spela på fela. Og det dåra og drog han. Ei liti trefjøl fekk han spikka seg til og sette taglstrenger på. Og eit lite surrelæte vart det jamvel av slikt eit reiskap når naturgivnaden var der.

Linje 14: Linje 14:
Ola Tomasson — Massestogosmeden — fortalde soleis at han stod på gardstunet i Karlsplassen ein gong og såg ein smågut rusla nordover forbi. Han var berrføtt, klent kledd og, bar ei liti fela under armen. Smeden trega på at han ikkje hadde tala til guten, og gjekk nordover vegen. Nedunder ein bakke høyrde han eit læte; — han Bendik sat der på ein stubbe og spela for seg sjølv. Frå den dag var dei tvo vener for livet. Bendik spela då ein lått han hadde laga sjølv, som han kalla «Sylkjegulen» — ein nauande fin springar som no vert spela i mange bygder ogso utanum Valdres av mange — i meir eller mindre utskjiemd form — og stundom ikkje ein gong rette låtten. Massestogosmeden kalla alltid den låtten for sin lått.

På ein jonsokfest Bendik spela til dansen, kom ogso smeden tilstade i godt, festleg lag og seier: «Låt no låtten min, Bendik i Nø'n!» Bendik: «Er eg Bendik i Nø'n, so er vel du Ola i Velstandet,då.» Det var lett å skjøna at Bendik blygdest ved Nøds-namnet. «Men, då han hadde fenge litt av reiseflaska mi, då lét han Sylkjegulen so det helst med at eg gret,» sa smeden. -
På ein [[Leksikon:Jonsok|jonsokfest]] Bendik spela til dansen, kom ogso smeden tilstade i godt, festleg lag og seier: «Låt no låtten min, Bendik i Nø'n!» Bendik: «Er eg Bendik i Nø'n, so er vel du Ola i Velstandet, då.» Det var lett å skjøna at Bendik blygdest ved Nøds-namnet. «Men, då han hadde fenge litt av reiseflaska mi, då lét han Sylkjegulen so det helst med at eg gret,» sa smeden. -
På [[Kongsberg|Kongsbergmarknaden]] ein gong var det samla ei 20 spelmenn. Dei skulde kappspela på dansen.

Verten på hotellet, der dansesalen var, og ein fagmann i musikk, skjenkte ein dram til kvar spelmann når dei kom fram og skulde spela. Då dei kom til Bendik, og han hadde fenge drammen, sa han: «Gjev meg ein til!» Den fekk han under lått i salen. Men Bendik vart utteken som meisteren! Og låtten han spela, heiter i Valdres enno «Bendik i Nø'n». I [[Telemark]] spelar dei same låtten, men litt umskipa under namnet: «Kåte Reiar».

Linje 20: Linje 20:
Bendik var ein spræk kar, lang og helst mager, men fjøren og mjuk. Og det låg noko majestetisk over hans takt og ferd. Treskjerar Ola A. Granheim fortalde meg at han ein gong som smågut fekk vera med far sin til [[Fagernes]], den mest kjende «kjøpstad» i Valdres den tid. Då dei kom ned i Strøndagardane. kom eit brude-fylgje ned i Kongevegen frå Midtstrond og skulde gå burti Strondakyrkja. Og fyre brudlaupsfylgjet gjekk Bendik spelande ein dårande fin brudeslått. Og so sterkt verka både spelet og den høgreiste spelmannen at «eg hugsar låtten og tykkjer eg ser karen enno», seier Granheim.

Då Bendik var på eksis, kom prinsen, seinare kong [[Karl IV|Carl den 15.]], til eksisplassen og skulde inspisera fylkingi. Ein kveld i fritidi dreiv nokre og prøvde styrke i dragsmål. Prinsen og offiserane var tilstade og såg på dragsmålet. Bendik, som ogso såg på, kom med nokre spitord um «kjempudn», og prinsen som var ein ovsterk kar og lika å prøva .styrken sin, skjøna på ordkasti og på vokstren til Bendik at ogso han var noko av ein godkar. Prinsen gjekk burt til han og spurde um han vilde taka eit tak med han. Og Bendik var straks viljug. Dei tok tak, men Bendik kvidde seg for å syna .kreftene sine. Det merka prinsen og sa: «No skal du taka i!» — «Ja, men då tek eg deg!» svara Bendik. Han tok i og la prinsen på ryggen so det dunde i bakken.

Då Bendik var på eksis, kom prinsen, seinare kong [[Karl IV|Carl den 15.]], til eksisplassen og skulde inspisera fylkingi. Ein kveld i fritidi dreiv nokre og prøvde styrke i dragsmål. Prinsen og offiserane var tilstade og såg på dragsmålet. Bendik, som ogso såg på, kom med nokre spitord um «kjempudn», og prinsen som var ein ovsterk kar og lika å prøva styrken sin, skjøna på ordkasti og på vokstren til Bendik at ogso han var noko av ein godkar. Prinsen gjekk burt til han og spurde um han vilde taka eit tak med han. Og Bendik var straks viljug. Dei tok tak, men Bendik kvidde seg for å syna kreftene sine. Det merka prinsen og sa: «No skal du taka i!» — «Ja, men då tek eg deg!» svara Bendik. Han tok i og la prinsen på ryggen so det dunde i bakken.

Bendik var den fyrste hardingfelespelmann som bruka langboge. Og det gjorde vel sitt til at spelet hans fekk ei makt og ein songdåm av dei sjeldne.

Linje 41: Linje 41:
/ Skriftstyraren.
/ Skriftstyraren.

[[Kategori:Fødselsår ukjent]][[Kategori:Dødsår ukjent]][[Kategori:Personer fra Nord-Aurdal kommune]][[Kategori:Folkemusikere fra Oppland]][[Kategori:Folkemusikk i Valdres]]
[[Kategori:Personer]]
[[kategori:Nord-Aurdal kommune]]
[[Kategori:Folkemusikere]]
[[Kategori:Valdres]]
{{nn}}

Navigasjonsmeny