Kjeldearkiv:Bendik i Nø`n

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Frå Tidsskrift for Valdres historielag 1941. Gamle Valdresspelmenn. VI.

Bendik i Nø'n

Av Olav Moe

Eit fatigsleg namn, men ein sermerkt, ein stor mann i sitt kall! Han var fødd i ei liti hytte — halvt inngrave i jordbakken, halvt utanfor, med eit skråtak over — litt sud for Svanhild i Svenesbygdi i Nord-Aurdal, Valdres. Det var mori som heldt seg i denne elege heimen. Faren var ein gild bonde, Tore Bendikson Strand, som budde på Follinglo og var med millom dei som valde tingmenn til Eidsvollforsamlingi i 1814. Endå um Bendik var fødd og uppalen som barn i den vesle nødsheimen, kan han likevel reknast med til dei som Vinje viste til med ordi: «Stor arv det er for mannen av godt folk vera fødd.» — Det kom ogso fram i kunsti hans. Frå fyrst av bar mori han med seg når ho var ute i arbeid kring i gardane. Då han vart litt større, låste mori han att inne i den vesle nødsheimen medan ho var burte. Tidi fall då lang og keidsam for småguten åleine innestengd i den vesle hytta. Då galdt det um å finna på noko han kunde trøyta tidi med.

Ein gong hadde han høyrt Jørn Hilme spela på fela. Og det dåra og drog han. Ei liti trefjøl fekk han spikka seg til og sette taglstrenger på. Og eit lite surrelæte vart det jamvel av slikt eit reiskap når naturgivnaden var der. Då han vart so stor at han kunde gå med mori i arbeidet hennar, hadde han taglstrengfela med seg og sat støtt og stadig og strauk og spela — tok uppatt og uppatt dei tonane han høyrde ikring seg, og ein slag musikk vart det etterkvart. Snart var han sopass både i framferd og spelkunna at han kunde gå rundt på eige hand. Han våga seg jamvel so langt som nedover til «Storgardane», dei kalla, i Aurdalsbyen, ei 15 km. sud for heimen hans. Og i Aurdal var det mykje embetsfolk og andre som hadde god råd og eit stort og varmt hjarta for slike som Bendik. Han fekk mat og pengar og tilmed lovord for spelet sitt. Det styrkte trui og livsmodet, so han gjekk lettare heim.

Ola Tomasson — Massestogosmeden — fortalde soleis at han stod på gardstunet i Karlsplassen ein gong og såg ein smågut rusla nordover forbi. Han var berrføtt, klent kledd og, bar ei liti fela under armen. Smeden trega på at han ikkje hadde tala til guten, og gjekk nordover vegen. Nedunder ein bakke høyrde han eit læte; — han Bendik sat der på ein stubbe og spela for seg sjølv. Frå den dag var dei tvo vener for livet. Bendik spela då ein lått han hadde laga sjølv, som han kalla «Sylkjegulen» — ein nauande fin springar som no vert spela i mange bygder ogso utanum Valdres av mange — i meir eller mindre utskjiemd form — og stundom ikkje ein gong rette låtten. Massestogosmeden kalla alltid den låtten for sin lått.

På ein jonsokfest Bendik spela til dansen, kom ogso smeden tilstade i godt, festleg lag og seier: «Låt no låtten min, Bendik i Nø'n!» Bendik: «Er eg Bendik i Nø'n, so er vel du Ola i Velstandet, då.» Det var lett å skjøna at Bendik blygdest ved Nøds-namnet. «Men, då han hadde fenge litt av reiseflaska mi, då lét han Sylkjegulen so det helst med at eg gret,» sa smeden. - På Kongsbergmarknaden ein gong var det samla ei 20 spelmenn. Dei skulde kappspela på dansen. Verten på hotellet, der dansesalen var, og ein fagmann i musikk, skjenkte ein dram til kvar spelmann når dei kom fram og skulde spela. Då dei kom til Bendik, og han hadde fenge drammen, sa han: «Gjev meg ein til!» Den fekk han under lått i salen. Men Bendik vart utteken som meisteren! Og låtten han spela, heiter i Valdres enno «Bendik i Nø'n». I Telemark spelar dei same låtten, men litt umskipa under namnet: «Kåte Reiar».

Bendik var ein spræk kar, lang og helst mager, men fjøren og mjuk. Og det låg noko majestetisk over hans takt og ferd. Treskjerar Ola A. Granheim fortalde meg at han ein gong som smågut fekk vera med far sin til Fagernes, den mest kjende «kjøpstad» i Valdres den tid. Då dei kom ned i Strøndagardane. kom eit brude-fylgje ned i Kongevegen frå Midtstrond og skulde gå burti Strondakyrkja. Og fyre brudlaupsfylgjet gjekk Bendik spelande ein dårande fin brudeslått. Og so sterkt verka både spelet og den høgreiste spelmannen at «eg hugsar låtten og tykkjer eg ser karen enno», seier Granheim.

Då Bendik var på eksis, kom prinsen, seinare kong Carl den 15., til eksisplassen og skulde inspisera fylkingi. Ein kveld i fritidi dreiv nokre og prøvde styrke i dragsmål. Prinsen og offiserane var tilstade og såg på dragsmålet. Bendik, som ogso såg på, kom med nokre spitord um «kjempudn», og prinsen som var ein ovsterk kar og lika å prøva styrken sin, skjøna på ordkasti og på vokstren til Bendik at ogso han var noko av ein godkar. Prinsen gjekk burt til han og spurde um han vilde taka eit tak med han. Og Bendik var straks viljug. Dei tok tak, men Bendik kvidde seg for å syna kreftene sine. Det merka prinsen og sa: «No skal du taka i!» — «Ja, men då tek eg deg!» svara Bendik. Han tok i og la prinsen på ryggen so det dunde i bakken.
Bendik var den fyrste hardingfelespelmann som bruka langboge. Og det gjorde vel sitt til at spelet hans fekk ei makt og ein songdåm av dei sjeldne.

Gamle folk fortel at dei høyrde på at Nils Hilme, sonen til Jørn, og Bendik sume tider spela saman. Nils spela kanhende noko mjukare og meir sildrefint, men i makt og songrikdom totte dei Bendik var den beste. Iminsto fortel ein gamal mann, Knut i Kroko ved Leira, at han var vitne til ei slik kappspeling millom Nils og Trond, bror hans, og Bendik, og der var Bendik avgjort den beste, seier Knut. Bendik var ogso mykje av ein slåttediktar.

Ulrik Jensestuen var vel den av dei unge i si tid som lærde mest av Bendik. Det var rett nok hilmespel, det med, men Bendiks skaparevne forma spelet etter hans dåm og drag og personlege lynne. Bendik var ein av læregutane til Jørn Hilme. Og slåttane var i fingring og bogedrag hjå lærlingen som hjå meisteren. Men kunstnargiren kom likevel sterkt fram i spelet. Han kunde ikkje vera grammofon. Det var adelskap over spelet hans når han var i det rette lunet. Lange, kraftfulle bogedrag og ei tonebragd gullande rein og glitrande som doggperlor i solglim, og med ein varme og eit dragsug som var det sjølve grimen i fossestryket som spela! Difor var det ogso dei i samtidi som sa at det var ikkje alt rett og naturleg med spelet hans Bendik.

Bendik vart tidleg gift og fekk stor huslyd. Og den armod han var fødd og uppvaksen i, fylgde han heile livet. Ein eleg liten heim ovanfor Gausåker gav vel huslyden tak over hovudet, men lite og inkje til livemåte, so det ofte berre var godt folk og vener å lita på. O. T. Svenes fortalde at han såg Bendik og Hilme-karane ein gong spela saman på Hilmeberget — heimen til Jørn. Dei heldt på i dagevis og hadde ikkje anna til mat enn potetor som dei steikte i eldmyrja og glohaugen i peisen. Men spela gjorde dei so det ljoma langande leid. Det tyngste for Bendik var at ei religiøs vekking ikring 1840-åri skilde han av med mange av dei beste venene hans. Det hende at dørene deira vart låste når Bendik kom på garden, seier Andreas Hauge, som hev fortalt meg fleire av sogone um Bendik etter mor si, som var i slektskap og livde upp saman med Bendik.
Tilslutt var det soleis ikkje anna å gjera for han enn ved godt folks hjelp å koma over til Amerika med lyden sin. Der levde han dei siste dagane sine burtgløymt som so mange gåverike norske søner som det ikkje var rom eller skynsemd for i gamle Noreg i dei tider. Men minnet hans vil aldri verta gløymt so lenge her er sans for norske tonar og slåttar i landet.

/ Olav Moe.


Meir om livssoga hans Bendik i Nø'n med fødselsår o. a. skal koma i Tidsskriftet seinare. / Skriftstyraren.