Kjeldearkiv:Første reinsjakt i Lesjafjella: Forskjell mellom sideversjoner

lenkefiks
({{nn}})
(lenkefiks)
Linje 23: Linje 23:
Nokre år seinare fann eg så ut eg måtte prøve sjølv. Eg hadde ein god del erfaring med skytevåpen og hadde gått ein del på rypejakt, men aldri jakta på storvilt. Eg laut skyte jegerprøve og betale avgift, men i Lesja var det i alle fall den gongen slik at alle førstegongsjegrar fekk fellingsløyve (jaktkort) på det som var kalla fritt dyr. Det betydde i praksis at du felte den største storbukken du kunne få tak i.

På den tida hadde eg treft ho eg no er gift med. Far hennar, Olav Brøste frå [[Verma]] (1924-2011), var ein gjennombarka fjellmann, da framleis i sin beste alder, 63 år. Han hadde vokse opp på ein av dei høgastliggjande gardane i området, [[Ner-Brøste i Rauma|Ner-Brøste]], og hadde gått i fjellet heile sitt liv på jakt, fiske og gjeting. Han kjente bokstaveleg tala heile denne delen av Reinheimen (fjellområdet mellom Tafjordfjella, Nord-Gudbrandsdalen og Ottadalen) som si eiga bukselomme. Nokre år før hadde han vore kjentmann for kronprins Harald på reinsjakt i same området.
På den tida hadde eg treft ho eg no er gift med. Far hennar, Olav Brøste frå [[Verma]] (1924-2011), var ein gjennombarka fjellmann, da framleis i sin beste alder, 63 år. Han hadde vokse opp på ein av dei høgastliggjande gardane i området, [[Ner-Brøste (Rauma)|Ner-Brøste]], og hadde gått i fjellet heile sitt liv på jakt, fiske og gjeting. Han kjente bokstaveleg tala heile denne delen av Reinheimen (fjellområdet mellom Tafjordfjella, Nord-Gudbrandsdalen og Ottadalen) som si eiga bukselomme. Nokre år før hadde han vore kjentmann for kronprins Harald på reinsjakt i same området.

Ein ting var å ha jaktkort og børse med kikkertsikte (som eg fekk låne av svigerfar) – noko anna var å finne reinen i høgfjellet, kome på skothald, felle han, slakte, dele opp slaktet og bere kjøtet attende til sivilisasjonen (der skikken var at kvinnfolka tok over resten av mat-bearbeidinga). Det låg derfor i korta at eg skulle gå i lag med svigerfar, som altså var kjentmann og rutinert jeger; da eg spurte kor mange rein han totalt hadde skote meinte han at det kanskje var kring 200(! – det kan forklarast med at aktive jegrar på 1950-talet fekk kjøpe mange kort kvart år). Han hadde òg funksjon som jaktoppsyn, dvs. han kontrollerte at jakta gjekk forsvarleg for seg og at jegerane skaut dyr av den kategorien dei hadde kort på.

Veiledere, Administratorer, Skribenter
7 190

redigeringer