Kjeldearkiv:Frå kraftutbygginga på Tysnes i Sunnhordland, 1950-åra - intervju: Forskjell mellom sideversjoner

Hopp til navigering Hopp til søk
{{nn}}
({{nn}})
 
(6 mellomliggende versjoner av 3 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
{{Låst kilde}}{{Innhold høyre}}
== Innleiing ==
== Innleiing ==

På oppdrag frå Tysnes Sogelag,  og med økonomisk stønad frå Tysnes Kraftlag, vart Knut Rage i 2007 beden om å skriva ein større artikkel om den første tida med straum i Tysnes kommune. Det var då med særleg fokus på  det tunge arbeidet med linestrekking og dei etter måten primitive tilhøva for dei tilsette i kraftlaget desse første åra –men også kva straumen fekk å seia for kvardagslivet til folk flest var av stor interesse. Ei rekkje personar vart intervjua til dette artikkelprosjektet –og nokre meir inngåande enn andre. Det var særleg desse som hadde vore med på linestrekkinga. Dei viste seg å hugsa godt og var flinke forteljarar,og til å ordleggja seg elles. Det nedanståande er ei meir eller mindre ordrett attgjeving av desse samtalane, som til bruk i artikkelen sjølvsagt vart redigert.
På oppdrag frå Tysnes Sogelag,  og med økonomisk stønad frå [[Tysnes Kraftlag]], vart Knut Rage i 2007 beden om å skriva ein større artikkel om den første tida med straum i [[Tysnes kommune]]. Det var då med særleg fokus på  det tunge arbeidet med linestrekking og dei etter måten primitive tilhøva for dei tilsette i kraftlaget desse første åra –men også kva straumen fekk å seia for kvardagslivet til folk flest var av stor interesse. Ei rekkje personar vart intervjua til dette artikkelprosjektet –og nokre meir inngåande enn andre. Det var særleg desse som hadde vore med på linestrekkinga. Dei viste seg å hugsa godt og var flinke forteljarar,og til å ordleggja seg elles. Det nedanståande er ei meir eller mindre ordrett attgjeving av desse samtalane, som til bruk i artikkelen sjølvsagt vart redigert.

Tysnes kommune er ei øykommune i Sunnhordland, med Bergen i nord og Stord som naboøya i sørvest. Då straumnettet på Tysnes vart bygd ut på midten av 1950-talet hadde det vore nokre mindre lokale kraftverk på øya allereie frå 1934 – men frå 1946 vart Tysnes innlemma i den storstilte utbygginga av straumnettet i Sunnhordland og Hardanger. For Tysnes sitt vedkomande vart straumen grovt sett ført frå kraftanlegget Blåfalli i Kvinnherad via Stord til ein sekundærstasjon sør på Tysnes (Langeland) og derfrå vidare til  Hardanger. Lokale namn, anten det gjeld stadnamn eller personar, eller andre referansar, får ein ta som det er.  
Tysnes kommune er ei øykommune i [[Sunnhordland]], med [[Bergen kommune|Bergen]] i nord og [[Stord]] som naboøya i sørvest. Då straumnettet på Tysnes vart bygd ut på midten av 1950-talet hadde det vore nokre mindre lokale kraftverk på øya allereie frå 1934 – men frå 1946 vart Tysnes innlemma i den storstilte utbygginga av straumnettet i Sunnhordland og [[Hardanger]]. For Tysnes sitt vedkomande vart straumen grovt sett ført frå kraftanlegget Blåfalli i [[Kvinnherad]] via Stord til ein sekundærstasjon sør på Tysnes (Langeland) og derfrå vidare til  Hardanger. Lokale namn, anten det gjeld stadnamn eller personar, eller andre referansar, får ein ta som det er.  

Intervjua danna langt på veg grunnlag for artikkelen ''Då mor fekk vaskemaskin og straumen kom ”klumpavis” – om etableringa av Tysnes Kraftlag og utbygginga i 50-åra'' av Knut Rage.  (Sogeskrift for Tysnes, 2007)   
Intervjua danna langt på veg grunnlag for artikkelen ''Då mor fekk vaskemaskin og straumen kom «klumpavis» – om etableringa av Tysnes Kraftlag og utbygginga i 50-åra'' av Knut Rage.  (''Sogeskrift for Tysnes'', 2007)   

Det vert elles referert til ''Kåre Hystad: Tysnes Kraftlag gjennom 50 år''. (Utg. Tysnes Kraftlag, 1996)
Det vert elles referert til ''Kåre Hystad: Tysnes Kraftlag gjennom 50 år''. (Utg. Tysnes Kraftlag, 1996)
Linje 174: Linje 175:
- Ein ting som det vart ei endring på, var då me fekk støvsugar... Før måtte me lakka golvet både ein og to gongar for året, ettersom vaskinga sleit slik på. No var det ikkje slik om å gjera lenger.
- Ein ting som det vart ei endring på, var då me fekk støvsugar... Før måtte me lakka golvet både ein og to gongar for året, ettersom vaskinga sleit slik på. No var det ikkje slik om å gjera lenger.

== Helge Storetvedt (f. 1923)  - tilsyn med Langeland sekundærstasjon ==
== Helge Storetvedt (1923-2014)  - tilsyn med Langeland sekundærstasjon ==
''Intervjua 5. februar 2007''
''Intervjua 5. februar 2007''

Linje 246: Linje 247:
- Ein kar visste no ikkje heilt om han ville ha høgspent eller lågspent inn til huset. Han bestemte seg for høgspent, så slapp han å snubla i leidningane i tunet, humrar Helge Storetvedt. - Nåja, det var helst ein vits me hadde.

== Kåre Hystad (f. 1922) - tidl. kraftlagssjef ==
== Kåre Hystad (1922-2012) - tidl. kraftlagssjef ==
''Hystad skreiv i 1996 boka  Tysnes Kraftlag gjennom 50 år. Intervjua i mars 2007''  
''Hystad skreiv i 1996 boka  Tysnes Kraftlag gjennom 50 år. Intervjua i mars 2007''  

Linje 278: Linje 279:
- Radioen kom tidleg?
- Radioen kom tidleg?

- Ja, det gjorde den. Men det fanst radioar hos folk lenge før straumen kom, i form av at dei gjekk på batteri. Eg har forresten ei morosam historie frå Hodnaneset. I byrjinga hadde Kraftlaget kring tretti transformatorar, i dag er det bortimot eitt hundre og femti, så utstyret har kome litt etter kvart. Utpå Hodnaneset var det ein kar som fortalde at når han skulle høyra radio, så måtte han skru av nattlampa.
- Ja, det gjorde den. Men det fanst radioar hos folk lenge før straumen kom, i form av at dei gjekk på batteri. Eg har forresten ei morosam historie frå Hodnaneset. I byrjinga hadde kraftlaget kring tretti transformatorar, i dag er det bortimot eitt hundre og femti, så utstyret har kome litt etter kvart. Utpå Hodnaneset var det ein kar som fortalde at når han skulle høyra radio, så måtte han skru av nattlampa.

-  Var straumen dyr?
-  Var straumen dyr?
Linje 285: Linje 286:

Pause.  
Pause.  
- Eit problem var dei dårlege kommunikasjonane. Då eg kom hit til Tysnes i 1952 var det fire år sidan Kraftlaget var stifta. Det gjekk ikkje båt til Stord anna enn om kvelden klokka halv tolv frå Uggdal, og båten var ikkje framme i Leirvik før i åtte-tida om morgonen. Det var då ein kombinert laste- og passasjerrute. Og så var det attende om natta. Den einaste dagen i veka det gjekk båt om dagen var om sundagen, då gjekk det ein båt frå Leirvik i eitt-tida som var på Uggdal klokka sju om kvelden. I byrjinga var eg tilsett som kontrollør i Sunnhordland Kraftlag, og hadde både Tysnes og Austevoll som mitt område. Eg var fjorten dagar på Tysnes og fjorten dagar på Austevoll. Sambandet mellom Tysnes og Austevoll var lik null. Dermed måtte eg reisa om Leirvik begge vegar. Det var ein travel jobb, og det tok jo si tid å koma seg kringom til abonnentane. Dei hadde ikkje alltid målarar på den tida, så eg var ikkje alltid like velkomen då eg dukka opp all den stund folk hadde gratis straum. Eg gjekk med ein ryggsekk som var stappfull av målarar, så var det å gå frå den eine staden til den andre og montera dei, så dermed vart eg gjerne ikkje ferdig før i ni- halv ti-tida om kvelden.
- Eit problem var dei dårlege kommunikasjonane. Då eg kom hit til Tysnes i 1952 var det fire år sidan kraftlaget var stifta. Det gjekk ikkje båt til Stord anna enn om kvelden klokka halv tolv frå Uggdal, og båten var ikkje framme i Leirvik før i åtte-tida om morgonen. Det var då ein kombinert laste- og passasjerrute. Og så var det attende om natta. Den einaste dagen i veka det gjekk båt om dagen var om sundagen, då gjekk det ein båt frå Leirvik i eitt-tida som var på Uggdal klokka sju om kvelden. I byrjinga var eg tilsett som kontrollør i Sunnhordland Kraftlag, og hadde både Tysnes og Austevoll som mitt område. Eg var fjorten dagar på Tysnes og fjorten dagar på Austevoll. Sambandet mellom Tysnes og Austevoll var lik null. Dermed måtte eg reisa om Leirvik begge vegar. Det var ein travel jobb, og det tok jo si tid å koma seg kringom til abonnentane. Dei hadde ikkje alltid målarar på den tida, så eg var ikkje alltid like velkomen då eg dukka opp all den stund folk hadde gratis straum. Eg gjekk med ein ryggsekk som var stappfull av målarar, så var det å gå frå den eine staden til den andre og montera dei, så dermed vart eg gjerne ikkje ferdig før i ni- halv ti-tida om kvelden.

- Det var ingen ni til fire-jobb, akkurat?
- Det var ingen ni til fire-jobb, akkurat?
Linje 317: Linje 318:
Kona Margrethe skyt inn: - Me hadde elektriske omnar til oppvarming av huset. Me fekk ha dei heile våren og sommaren, men når hausten kom så kom dei og stengde dei. Me hadde ikkje omnar om vinteren når det var kaldt. Det var ikkje nok straum. På Stord hadde ikkje folk lov til å ha meir enn to kokeplatar på komfyren. Hadde dei fleire vart dei kopla frå.  

- Dette med uver og dårlege vegar? Kva bil hadde de i Kraftlaget?
- Dette med uver og dårlege vegar? Kva bil hadde de i kraftlaget?

- Det var ofte jordfeil. Då måtte me prøva å seksjonera ved å kopla ut i dei områdene me hadde ein mistanke om at feilen kunne vera. Det var berre Sverre Linde og Sverre Dalland me hadde på linene den gongen. Og det kunne vera tungvint å få tak på dei. Då kopla dei ut linene, så me fekk prøva å sjå kva som var i orden. Me hadde ikkje telefonar, men måtte låna telefon hos privatfolk. Det hende at Petra i posten måtte ringja rundt for å få greie på kvar t.d. Helge Storetvedt, som hadde vakthaldet ved sekundærstasjonen, var å finna. Det kunne altså ta si tid å få ordna feilen.   

Hystad held fram: - Lenge var det ingen bil i Kraftlaget. Me brukte våre eigne private bilar. Men så fann me ut at no trengde me ein lastebil, i det minste, så me slapp å leiga for kvar gong. Saka kom opp i styret. Mange var imot, for då ville me ta inntekta frå dei som leigde ut lastebilar. Men det vart til at me fekk ein lastebil til slutt. Det var ein kombinert bil, me kalla han Trikken fordi han såg ut som ein trikk. Og jommen var det einskilde som såg på han som eit offentleg transportmiddel også! Då me budde på Onarheim var det mange som kom og spurde om eg ikkje kunne køyra dei der og der. Å ta drosje var siste utveg for dei fleste. Dei kunne koma og vekkja meg midt på natta.
Hystad held fram: - Lenge var det ingen bil i kraftlaget. Me brukte våre eigne private bilar. Men så fann me ut at no trengde me ein lastebil, i det minste, så me slapp å leiga for kvar gong. Saka kom opp i styret. Mange var imot, for då ville me ta inntekta frå dei som leigde ut lastebilar. Men det vart til at me fekk ein lastebil til slutt. Det var ein kombinert bil, me kalla han Trikken fordi han såg ut som ein trikk. Og jommen var det einskilde som såg på han som eit offentleg transportmiddel også! Då me budde på Onarheim var det mange som kom og spurde om eg ikkje kunne køyra dei der og der. Å ta drosje var siste utveg for dei fleste. Dei kunne koma og vekkja meg midt på natta.

- Trikken hadde ikkje heisekran?
- Trikken hadde ikkje heisekran?
Linje 333: Linje 334:
Ei morosam historie: - Folk venta at me skulle vita kven dei var. Det gjekk ei sikring på ein transformator i Gjersvik, og der inne budde ein som heitte Anton Håland. Han ringde om at straumen var gått. Det var kona mi som tok telefonen. Nei, straumen kunne då ikkje vera gått på Håland, sa ho. Men like fullt reiste me ut til Håland for å sjå til transformatoren der. Men då dei kom dit såg dei at det var straum på Håland, det var ikkje noko gale der. Då måtte det vera Håland i Gjersvik, og me køyrde dit. Der fann me Anton Håland. Han var fælt fornærma over at me ikkje hadde visst kven han var, endå eg og kona hadde budd i Gjersvik eit heilt år.

Om bygdastrid og plassering av Kraftlagsbygningen: Mange syntest det var betre å leggja ned Tysnes Kraftlag og flytta til Stord enn å ha administrasjonsbygningen i Våge. Men på sett og vis må ein sjå det mot dei dårlege kommunikasjonane som var den gongen. Folk hadde ikkje alltid bilar, alt var mykje meir tungvint.  
Om bygdastrid og plassering av kraftlagsbygningen: Mange syntest det var betre å leggja ned Tysnes Kraftlag og flytta til Stord enn å ha administrasjonsbygningen i Våge. Men på sett og vis må ein sjå det mot dei dårlege kommunikasjonane som var den gongen. Folk hadde ikkje alltid bilar, alt var mykje meir tungvint.  

Om målaravlesing: - I den første tida gjekk me ikkje berre rundt og las av målarane til folk, men dei kunne betala rekninga til oss også, kontant. Det var mange som gjorde det. Før me fekk data var det mykje papirarbeid.

Linje 339: Linje 340:
- Folk avstod viljug grunn i byrjinga, men dei var ikkje alltid like viljuge seinare?
- Folk avstod viljug grunn i byrjinga, men dei var ikkje alltid like viljuge seinare?

- Nei. Du veit, grunneigarane ville gjerne ha straum, og då godtok dei at det kom liner over eigedomane deira. Det stod i vedtektene at alle skulle avstå gratis grunn. Men seinare heitte det seg at det skulle betalast erstatning viss det vart til stor ulempe, og då vart det jo til at Kraftlaget måtte betala for grunnen. Dette galdt for høgspentlinene. Det var ikkje enkelt. Eg hugsar på Sletteskog, der var det ein grunneigar som hadde ein fin skog, og han var ivrig på å få straum. Så sa han til meg at me skulle gå opp i skogen og sjå kor lina skulle gå. Det var førsteklasses skog, noko med den finaste skogen me hadde på Tysnes. Ja, synest du ikkje dette er kostbar skog? sa han. Jo, eg måtte vera samd med han i det. Kva skal eg gjera her, då? sa han. Eg svarte litt forsiktig, men så braut han meg av og sa: - Alt dette her skal de få gratis. Eg måtte takka han opp i handa. Men slik var det slett ikkje alltid. Eg hugsar me var ein stad der det skulle straum til eit hus. Men mannen som budde der ville ikkje ha stolpen på eigedomen sin, den kunne stå på naboen sin grunn, like bak huset. Han ville ha straumen, men ikkje stolpen. "Men er det ikkje du som skal ha straumen, då?" spurde eg. Jau, det var det. Men viss han ikkje fekk ha stolpen på baksida av huset, då ville han ikkje ha straum. Og då sa eg: "Er du så galen som det, då skal du ikkje få straum heller." Og dermed gjekk eg frå han til dess han kom på andre tankar.  
- Nei. Du veit, grunneigarane ville gjerne ha straum, og då godtok dei at det kom liner over eigedomane deira. Det stod i vedtektene at alle skulle avstå gratis grunn. Men seinare heitte det seg at det skulle betalast erstatning viss det vart til stor ulempe, og då vart det jo til at kraftlaget måtte betala for grunnen. Dette galdt for høgspentlinene. Det var ikkje enkelt. Eg hugsar på Sletteskog, der var det ein grunneigar som hadde ein fin skog, og han var ivrig på å få straum. Så sa han til meg at me skulle gå opp i skogen og sjå kor lina skulle gå. Det var førsteklasses skog, noko med den finaste skogen me hadde på Tysnes. Ja, synest du ikkje dette er kostbar skog? sa han. Jo, eg måtte vera samd med han i det. Kva skal eg gjera her, då? sa han. Eg svarte litt forsiktig, men så braut han meg av og sa: - Alt dette her skal de få gratis. Eg måtte takka han opp i handa. Men slik var det slett ikkje alltid. Eg hugsar me var ein stad der det skulle straum til eit hus. Men mannen som budde der ville ikkje ha stolpen på eigedomen sin, den kunne stå på naboen sin grunn, like bak huset. Han ville ha straumen, men ikkje stolpen. "Men er det ikkje du som skal ha straumen, då?" spurde eg. Jau, det var det. Men viss han ikkje fekk ha stolpen på baksida av huset, då ville han ikkje ha straum. Og då sa eg: "Er du så galen som det, då skal du ikkje få straum heller." Og dermed gjekk eg frå han til dess han kom på andre tankar.  

- Slike folk støtte du vel ikkje alltid på?
- Slike folk støtte du vel ikkje alltid på?

- Ja, det var mykje rart. Ein gong var det nokre som var så redde for regndropene som draup ned frå høgspentlinene. Dei trudde det kunne vera straum i dei. Berre sjå på fuglane, sa eg. Dei sit jo på leidningane og vert ikkje drepne for det. Men forresten, eg hugsar ein gong ein stare som sat på den øvste leidninga, medan ungane hennar hadde funne plass under. Då ho bøygde seg ned for å mata ungane som sat på leidninga under... ja, då var det nok det siste ho gjorde. Nebba var brekt på starene då me fann dei på bakken.

[[Kategori:Tysnes kommune|{{PAGENAME}}]]
[[Kategori:1950-åra|{{PAGENAME}}]]
[[Kategori:Elektrisitet|{{PAGENAME}}]]
[[Kategori:Personlige minner|{{PAGENAME}}]]
{{nn}}

Navigasjonsmeny