Knud Knudsen (1812–1895)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravminne/minnestein over Knud Knudsen på Vår Frelsers gravlund i Oslo, reist i 2007 til erstatning for eit tidlegare, tapt gravminne over Knudsen på stedet.
Foto: Stig Rune Pedersen (2014)

Knud Knudsen (fødd 1812 i Holt (nå Tvedestrand), død 1895 i Kristiania) var skulemann og språkreformator. Foreldra var husmann og omgangsskulelærar Knud Reiersen og Marte Stiansdotter. Knud sjølv gifte seg aldri. Han er gravlagd på Vår Frelsers gravlund, og fekk i 1962 ein plass oppkalla etter seg ved St. Hanshaugen i Oslo.

Han vart cand.philol. i 1840, adjunkt og overlærar ved Christiania Kathedralskole 1846–80.

I skulen arbeidde han frå fyrste stund mot den klassiske retninga i opplæringa, han var gripen av Grundtvigs idear og ville at undervisninga fyrst og fremst skulle ha historie og morsmål som grunnlag. Gjennom dette kom han alt i 1840-åra inn i arbeidet for ei norsk språkreform. Han ville reformere det danske skriftspråket i Noreg med mønster i det han kalla "den dannede landsgyldige tale", og kan reknast for opphavsmannen til fornorskingslina i bokmålet, der hovudprinsippet hans – at skrifta skal rette seg etter talen – etter kvart har vunne fram.

Knudsen var dessutan purist og arbeidde for at framandord skulle skiftast ut med norske avløysarord. Han var mellom føregangsmennene i striden for norsk uttale i det dansk-norske scenespråket. Han stod ofte åleine i striden, men fekk stor innverknad på t.d. Aasen, Vinje, Ibsen og Bjørnson. Hovudverket hans er den store fornorskingsordboka Unorsk og norsk (1881). Ein kan òg nemne Haandbog i dansk-norsk sproglære (1856; ny utgåve 2002).

Didrik Arup Seip gav ut Knudsens barndoms- og ungdomsminne i 1937. Reiseminna hans vart utgjevne i seks hefte 1980–2000, samla i eitt band i 2001.

Han lét etter seg 20.000 kroner til «det dansk-norske målstræv»; Bymålslaget vart skipa som eit resultat av dette i 1902.

Kjelder og litteratur

Motiv fra Knud Knudsens plass på St. Hanshaugen i Oslo.
Foto: Vidar Iversen (2014)
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!