Kolbrandstad stavkyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kolbrandstad stavkyrkje
Foto: Olve Utne (2010).

Kolbrandstad stavkyrkje er ei stavkyrkje som vart oppført sist i 1990-åra og innvigd den 9. januar 2000Kolbrandstad i Hølonda i Melhus kommune i Trøndelag. Kyrkja er bygd på same staden som den gamle Kolbrandstad stavkyrkje, som var nemnt i Olav Engelbrektssons jordebok (1533) og vart nedlagt i 1660-åra. På same måte som dei andre nybygde stavkyrkjene i Trøndelag er denne kyrkja bygd etter modell av Haltdalen stavkyrkje.