Kristine Lind Grøttland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kristine Lind Grøttland (fødd 1883 i Gratangen, død 1973 i Tromsø) var lærar i husstell. Ho var gift med lærar Martin Grøttland (1880–1957) frå Jektvik i Ibestad.

Foreldra var bonde og fiskar John Lind Johansen og Anna Sofie Hansen. Kristine voks opp på garden Årstein i Gratangen. Garden hadde vore i ætta heilt frå 1500-talet. Faren John Lind Johansen var noko av ein føregangsmann. Med stipend vitja han verdsutstillinga i Paris i 1889 og studerte samstundes fiske i fleire franske og belgiske kystbyar. I åra 1903–09 representerte han Troms på Stortinget. Han var ein av dei fyrste tingmennene for Arbeidarpartiet. Jamvel om Kristine voks opp på ein tradisjonsrik gard, hadde det likevel vore sterke impulsar utanfrå i heimen.

22 år gammal gjekk Kristine på Smålenenes Amtshusmorskole i Idd. Etter at ho hadde teke eksamen i 1909, vart ho tilsett som vandrelærarinne i matstell i Akershus. Her var ho i seks år før ho tok til som lærarinne og husmor ved Akershus Amtsskole på Fetsund. Etter seinare arbeid i Bergen og Fredrikstad kom ho til Tromsø i 1921. Her var ho styrar for Tromsø kommunale husmorskole i seks år før ho gifta seg.

Kristine Lind Grøttland er særleg kjent for boka Daglig brød og daglig dont. Fra nord-norsk hustell og hjemmeliv. Boka kom ut på Universitetsforlaget i 1962 med redaksjonell bistand frå Andreas Ropeid. Johan Hveding hadde gjort Norsk etnologisk gransking merksam på det verdfulle manuskriptet, og Hilmar Stigum oppmoda Ropeid om å leggje det til rette for trykking.

Boka er ei omfattande skildring av heimeliv og matstell i Troms, særleg Sør-Troms, og byggjer på minne frå barne- og ungdomsår og samvær og samtalar med tradisjonsberarar. Skildringa er merkt av ei positiv vurdering av tilhøva i tidlegare tider.

Kjelder og litteratur

  • Andreas Ropeid: føreord i Daglig brød og daglig dont. 1962.
  • Norske skolefolk. 1934.