Kristine Lind Grøttland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kristine Lind Grøttland (fødd 1883 i Gratangen, død 1973 i Tromsø) var lærar i husstell. Ho var gift med lærar Martin Grøttland (1880–1957) frå Jektvik i Ibestad.

Foreldra var bonde og fiskar John Lind Johansen og Anna Sofie Hansen. Kristine voks opp på garden Årstein i Gratangen. Garden hadde vore i ætta heilt frå 1500-talet. Faren John Lind Johansen var noko av ein føregangsmann. Med stipend vitja han verdsutstillinga i Paris i 1889 og studerte samstundes fiske i fleire franske og belgiske kystbyar. I åra 1903–09 representerte han TromsStortinget. Han var ein av dei fyrste tingmennene for Arbeidarpartiet. Jamvel om Kristine voks opp på ein tradisjonsrik gard, hadde det likevel vore sterke impulsar utanfrå i heimen.

22 år gammal gjekk Kristine på Smålenenes Amtshusmorskole i Idd. Etter at ho hadde teke eksamen i 1909, vart ho tilsett som vandrelærarinne i matstell i Akershus. Her var ho i seks år før ho tok til som lærarinne og husmor ved Akershus AmtsskoleFetsund. Etter seinare arbeid i Bergen og Fredrikstad kom ho til Tromsø i 1921. Her var ho styrar for Tromsø kommunale husmorskole i seks år før ho gifta seg.

Kristine Lind Grøttland er særleg kjent for boka Daglig brød og daglig dont. Fra nord-norsk hustell og hjemmeliv. Boka kom ut på Universitetsforlaget i 1962 med redaksjonell bistand frå Andreas Ropeid. Johan Hveding hadde gjort Norsk etnologisk gransking merksam på det verdfulle manuskriptet, og Hilmar Stigum oppmoda Ropeid om å leggje det til rette for trykking.

Boka er ei omfattande skildring av heimeliv og matstell i Troms, særleg Sør-Troms, og byggjer på minne frå barne- og ungdomsår og samvær og samtalar med tradisjonsberarar. Skildringa er merkt av ei positiv vurdering av tilhøva i tidlegare tider.

Kjelder og litteratur