Andreas Ropeid

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Andreas (Høvdingen) Ropeid (fødd 29. desember 1916 i Madla, daud 3. juni 1996 i Oslo) var etnolog. Han var styrar for Institutt for folkelivgransking ved UIO og dagleg leiar av Norsk etnologisk gransking.

Liv og virke

I 1938 tok Ropeid eksamen artium ved Rogaland landsgymnas.

Mellom 1941 og 1943 arbeidde han som skulemeister på Sand i Ryfylke.

I 1943 vart han saman med andre studentar i Oslo teke til fange og sendt i tysk fangenskap i Buchenwald.

I 1948 tok han embetseksamen med historie hovudfag og tysk bifag. Etter eksamen byrja han å skrive Hønefoss by si historie, eit verk han heldt på med fram til 1968 og som kom i form av tre tjukke bind.

I 1953 byrja cand.philol. Andreas Ropeid som vikar for Rigmor Frimannslund hjå Norsk etnologisk gransking. Denne stillinga hadde han heilt til 1969, då han søkte om og fekk stillinga til pensjonerte Lily Weiser-Aall som dagleg leiar av NEG. Der vart han verande, med tilnamnet Høvdingen, til han gjekk av med pensjon i 1986.

I 1960 disputerte Ropeid med den filosofiske doktorgradsavhandlinga Skav. Ein studie i eldre tids fôr-problem.

I 1978 vart han utnemnd som professor II i etnologi hjå Institutt for folkelivsgransking ved Universitet i Oslo som NEG delte lokale med frå det året.

Folkeminnesamlar

Som folkeminnesamlar hjå NEG signerte Ropeid 36 unike spørjeskjema og særemne om ulike tema som omhandlar vanlege folk sine daglegliv. Ved hjelp av desse samla han inn 4 774‬ registrerte unike svar som vert tilgjengeleggjort via domenet SAMLA.no.

Kjelder og litteratur

  • Moestue, A og Rosander, G. Spørrelister 1946-1995, Norsk Etnologisk Gransking (1996). ISBN: 82-91161-11-9
  • Moestue, A. Spørre og grave i 50 år. Norsk etnologisk gransking's 50-års jubileum. Stiftelsen Norsk etologisk gransking (1996). ISBN: 82-91161-12-7
  • Andreas Ropeid i Døde 1951 - 2014 fra Digitalarkivet
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!