Lily Weiser-Aall
Elisabeth (Lily) Weiser-Aall (fødd 18. desember 1898 i Wien, daud 26. februar 1987 i Oslo) var ein austerrisk-norsk folklorist og etnolog. Ho vert ofte skildra som ein av dei framste etnologane i si tid, og var ei føregangskvinne for forsking på dei etnologiske og folkloristiske felta.
Slekt og familie
Lily Weiser-Aall var dotter av Dr. Hans Weiser (advokat i Wien, fødd i Radkersburg) og Luise Weiser (fødd Hess, i Heidelberg). I 1928 gifta ho seg med den norske professoren Anathon Aall (1867–1943). Ho er gravlagd i familiegrav for familien Aall ved Vestre gravlund i Oslo.
Skule og utdanning
Lily tok dei fyrste tre åra av folkeskulen heime og det 4. året ved privatskula Brabbé i Wien. I 1909 tok ho til studia ved gymnaset Foreldreforeiningas privatmiddelskule i Wien, men heldt fram ved Mädchenobergymnasium des Vereines für erweiterte Frauenbildung frå 3. klasse av. Den 7. juli 1917 avla ho eksamen arium med utmerkelse.
I oktober 1917 byrja Lily ved det filosofiske fakultetet ved universitetet i Wien, der ho studerte både tysk litteraturhistorie og filosofi. Etterkvart tok ho også til å studere både norrønt og kunnskap om den germanske oldtiden. Medan Lily gjekk i skulen lærte ho seg fransk språk, men på universitet lærte ho seg også engelsk, og etter eit opphold i Sverige sommaren 1920, også svensk. Til same tid byrja ho å studere folkloristikk/etnologi og mytologi. Då skreiv ho dissertasjonen sin om historia til juleskikkene.
Folkeminnesamlar
I løpet av dei 22 åra Lily Weiser-Aall arbeida ved Norsk etnologisk gransking rakk ho å signere 56 utsende spørjelister som til saman genererte 10 776 registrerte individuelle svar om ulike aspekt ved kvardagslivet i hele Norge.[1] Weiser-Aall vert ofte namngjeve som personen som la grunnlaget for den kunnskapsbanken NEG er i dag.
Bibliografi
- Aall, Lily Weiser: Gifteferdig ungdom. 1963. Merknad: Særtrykk av: Norveg. 10. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Aall, Lily Weiser: Julehalmen i Norge. Utg. Norsk folkemuseum. 1953. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Aall, Lily Weiser: Julenissen og julegeita i Norge. Utg. Norsk folkemuseum. 1954. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Aall, Lily Weiser: Juletreet i Norge. Utg. Norsk folkemuseum. 1953. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Aall, Lily Weiser: Menn med øreringer i Norge. Utg. Norsk folkemuseum. 1957. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Aall, Lily Weiser:: Om haren i norsk overlevering : kilder og problemer. 1963. Merknad: Særtrykk av: Norveg. 10. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Aall, Lily Weiser: Omkring de nyfødtes stell i nyere norsk overlevering. Utg. Norsk folkemuseum. 1973. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Aall, Lily Weiser: Påskeegg i Norge : kilder og problemer. Oslo. 1958. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Aall, Lily Weiser: Svangerskap og fødsel i nyere norsk tradisjon : en kildekritisk studie. Utg. Norsk folkemuseum. 1968. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Aall, Lily Weiser: Vassbæring i Norge. Utg. Norsk folkemuseum. 1953. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Aall, Lily Weiser: "Verdens uro" i Norge. 1937. Særtrykk av Maal og minne.
- Bø, Olav ofl: I manns minne : 1. Utg. Samlaget. 1967. Digital versjon på Nettbiblioteket. Merknad: Utgitt til Lily Weiser-Aalls 70-årsdag 18. desember 1968. Tysk sammendrag. S.[295]-303: Lily Weiser-Aalls trykte skrifter 1923-1968. Bibliografi s.[237]-256.
- Bø, Olav ofl: I manns minne : 2. Utg. Samlaget. 1968. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Referanser
- ↑ Moestue, A og Rosander, G. Spørrelister 1946-1995, Norsk Etnologisk Gransking (1996). ISBN: 82-91161-11-9
Litteratur og kjelder
- Lily Weiser-Aall i Historisk befolkningsregister.
- "Verden var hennes tekst". Utg. Norsk etnologisk gransking. 1998. Digital versjon på Nettbiblioteket.