Krohg (slekt)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. mar. 2014 kl. 07:09 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Krohg''' er namnet til i ei slekt som her er definert som etterslekta til ekteparet Nils Kristensen (ca. 1658-1733) og [[Inger Kristensdotter Krok|Inger K...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Krohg er namnet til i ei slekt som her er definert som etterslekta til ekteparet Nils Kristensen (ca. 1658-1733) og Inger Kristensdotter (ca. 1665-1736) som var gardbrukarar på Nedre Krok i Hemnes sokn i nåverande Aurskog-Høland kommune. Slekta kan med god rett kallast ei offisersslekt, men tel også mange kjende sivile embetsmenn, politikarar og kunstnarar. Blant dei mest vidgjetne kan nemnast eidsvollsmannen amtmann Hilmar Meincke Krohg (1756-1851), jussprofessor, stortingspresident og statsråd Christian Krohg (1777-1828), som var syskenborn, og den sistnemndes barnebarn målaren og forfattaren Christian Krohg (1852-1925).

Slektsnamnet er ei forvansking av gardsnamnet Krok. Stavemåten Krohg (-hg-)vart i følgje slektas eigen genealog, sokneprest Otto Theodor Krohg, «vedtaget» i år 1800 for å skilje frå andre familiar Krogh (-gh-) og Krog. Før dette hadde fleire medlemmer av slekta skrive «Krogh» eller «von Krogh». «Von» hadde heimel i at familiane hadde rangadelskap som høge offiserar og sivile embetsmenn. Det ser ut til å ha falle bort på 1800-talet, og O.T.Krohg brukar det ikkje i si slektstavle.