Krohg (slekt)
Krohg er namnet på ei slekt som her er definert som etterslekta til ekteparet Nils Kristensen (ca. 1658-1733) og Inger Kristensdotter (ca. 1665-1736) som var gardbrukarar på Nedre Krok i Hemnes sokn i nåverande Aurskog-Høland kommune. Slekta kan med god rett kallast ei offisersslekt, men tel også mange kjende sivile embetsmenn, politikarar og kunstnarar. Blant dei mest vidgjetne kan nemnast eidsvollsmannen amtmann Hilmar Meincke Krohg (1756-1851), jussprofessor, stortingspresident og statsråd Christian Krohg (1777-1828), som var syskenborn, og den sistnemndes barnebarn målaren og forfattaren Christian Krohg (1852-1925).
Slektsnamnet er ei forvansking av gardsnamnet Krok. Stavemåten Krohg (-hg-)vart i følgje slektas eigen genealog, sokneprest Otto Theodor Krohg, «vedtaget» i år 1800 for å skilje frå andre familiar Krogh (-gh-) og Krog. Før dette hadde fleire medlemmer av slekta skrive «Krogh» eller «von Krogh». «Von» hadde heimel i at familiane hadde rangadelskap som høge offiserar og sivile embetsmenn. Det ser ut til å ha falle bort på 1800-talet, og O.T. Krohg brukar det ikkje i si slektstavle.
Sjå også slektene Krog og Krogh.
Kjende medlem av slekta
- Nils Kristensen Krok (Sæter) (ca. 1658–1733), gardbrukar. Gift med Inger Kristensdotter.
- Christian Nielsen von Krogh (ca. 1695–1752), oberstløytnant.
- Theodor Christian von Krogh (1727–1798), generalmajor.
- Nicolai Frederik Krogh (1732–1801), generalveimester og oberst. Gift med Anna Meincke, se slekta Meincke.
- Christian Krogh (1771–1801), offiser og generalveimester i Trondheim stiftamt og i Trondheim amt og Sunnmøre amt
- Hilmar Meincke Krohg (1776–1851), amtmann og eidsvollsmann.
- Otto Theodor Krohg (1811–1889), sokneprest til Vestnes og redaktør.
- Broder Lysholm Krogh (1777–1861), veimester og rittmester.
- Johan Bernt Krohg (1786–1855), kommandant på Akershus festning. Gift 1 med Barbara Henrikke Borchgrevink (1792–1818), se slekta Borchgrevink, 2 Marta Marie Meincke (1783–1875)
- Fredrik Christian Krohg (1813–1874), politimester i Bergen, sorenskriver i Nedre Romerike. Gift med Sophie Catharine Borchgrevink (1816-1889)
- Hilmar Krohg (1854–1924), politimester i Arendal, senere i Fredrikstad.
- Anne Sophie Krohg (1817–1894).
- Marie Magdalene Barbara Krohg (1845–1919). Gift med infanterikaptein Hans Leonard Emil Stabell, se slekta Stabel.
- Fredrik Christian Krohg (1813–1874), politimester i Bergen, sorenskriver i Nedre Romerike. Gift med Sophie Catharine Borchgrevink (1816-1889)
- Georg Anton von Krogh (1734–1797), generalveimester og oberstløytnant.
- Christian Krohg (1777–1828), statsråd.
- Georg Anton Krohg (1817–1873), kongelig fullmektig.
- Christian Krohg (1852–1925), maler. Gift med maleren Oda Krohg.
- Nana Krohg (1885–1974), kunster, gift med Anton Martin Schweigaard
- Per Lasson Krohg (1889–1965), maler.
- Guy Krohg (1917–2002), kunstner. Gift med skuespilleren Sossen Krohg.
- Morten Krohg (f. 1937), maler.
- Christian Krohg (1852–1925), maler. Gift med maleren Oda Krohg.
- Georg Anton Krohg (1817–1873), kongelig fullmektig.
- Christian Krohg (1777–1828), statsråd.
- Christian Nielsen von Krogh (ca. 1695–1752), oberstløytnant.
Litteratur
- Krohg - norsk slekt i Store norske leksikon.