Krundalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. okt. 2010 kl. 06:59 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Krundalen''' er eit dalføre og ein tidlegare skulekrins i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. ==Dalføret== Krundalen er ein sidedal til [[Jostedal|Jos…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Krundalen er eit dalføre og ein tidlegare skulekrins i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane.

Dalføret

Krundalen er ein sidedal til Jostedalen. Det er ein flat U-dal 3-400 m.o.h. omkransa av høge fjell som går aust-vest frå bygdesentrumet Gjerde i hovuddalføret og etter knapt 10 km endar i den bratte Bergsetbreen. Strekninga frå den siste garden i Krundalen, Bergset, og fram til breen, vert kalla Bergsetdalen.

Gjennom dalen renn elva Krundøla, som går saman med Jostedøla ved Gjerdekvile i hovuddalføret. Sidedalar til Krundalen er i sør stølsdalen Røykjadalen, Tverradalen og Vetlestølsdalen, og på nordsida Tufteskardet som fører til Tuftebreen. Fjella som omkransar Krundalen, er i sør Dugurdskulen, Tverranibba og Høgenibba, og i nord Kråfjellet og Haugafjellet med Haugavarden.

Busetnaden

Busetnaden i Krundalen ligg langs fylkesvegen som tek av frå fylkesvegen gjennom Jostedalen på Gjerde. Når ein har køyrt ca 1 km opp Haugabakkane, ser ein innover Krundalen mot Bergsetbreen. Gardane som høyrer til Krundalen er (frå aust) namnegardane Haugen med bruka Hjellhaug og Baggetun, Hellegård med bruket Helletun, Kruna med bruka Kvam og Øygarden, Snøtun med bruka Reina (Røysi) og Bakkane, Grov med bruka Leitehaugen og Nyørk og Myrehaugen, Bergset med bruket Myrebø. Bruka Flatejordi og Gjerde i houvddalføret som i dag rommar bygdesentrumet med hotell, butikk, campingplass og byggjefelt, ligg òg under matrikkelgardane Haugen og Hellegård.

Krundalen skulekrins

Heile dette området høyrde til den nedlagde Krundalen skulekrins. Den vart skipa i 1860-åra då dei to tidlegare skulekrinsane i Jostedalen vart delt inn i fem mindre krinsar. Krundalen var den siste krisen i Jostedalen som fekk fastskule, i 1898 på garden Snøtun. Bygningen frå det nedlagde Jostedal bygdemagasin i Prestegarden vart då flytt til Krundalen og bygt om til skule. Hausten 1959 vart eit nytt skulehus for krinsen teke i bruk på Snøtun. Men skulehuset fekk eit kort liv som folkeskule. I desember 1962 vedtok Jostedal kommunestyre etter lang strid å samle alle dei fem krinsane i ein ny sentralskule, og Jostedal skule stod ferdig på Bjørk i Krekane i 1968. Skulebygningen i Krundalen var nokre år nytta til leirskule og har frå 1990 vore hovudkvarter og kurssenter for bedrifta Jostedal breførarlag.

Mellomalderbusetnaden

Ein veit ikkje sikkert når det vart fast busetnad i Krundalen, men garden Kruna er ein av to gardar i Jostedalen som er nemnd i mellomalderen, i eit diplom frå 1318-19. Arkeologiske registreringar på Kruna 2004 viste at garden truleg vart rydda og dyrka opp i fyrste halvdel av 1000-talet.[1]

Nybyggjarane på 1500-talet

Ein reknar med at heile Jostedalen, også Krundalen, vart liggjande øyde ein periode i seinmellomalderen. I det fyrste dokumentet frå Jostedalen etter øydetida, ei presteskatteliste som er datert til 1596, finn ein minst seks gardbrukarar i Krundalen.[2] Det var to på "Kronen" (Kruna) og fire i "Kronnedal". Dette var truleg brukarar på gardane Haugen, Snøtun, Hellegård, Grov og Bergset, noko som tyder på at dei gardsnamna er yngre. Det er ein godt etablert teori at nybyggjarane i fremre del av Jostedalen kom frå Nordfjord medan nedre del vart busett frå Sogn. Den sterkaste indikasjonen er dialekten i Jostedalen, som er eit blandingsprodukt av sognamål og fjordamål. Nybyggjarane i Krundalen var truleg frå Nordfjord, og ein indikasjon er gardsnamna Bergset og Grov attåt plassnamnet Myrehaugen, som alle kan vera import frå Nordfjord. Fjellnamnet -nibba (Høgenibba, Tverranibba) peikar òg mot Nordfjord - namnet er mest ikkje brukt i Sogn, men vanleg frå Sunnfjord og nordover.

Det viktigaste kulturminnet i Krundalen i dag er stovehuset på Kruna, bygt kring 1810.

Den vesle istida

Krundalen vart hardt råka under den vesle istida. I 1684 hadde Bergsetbreen og sidebreane Tuftebreen og breen i Vetlestølsdalen) gått så mykje fram at støls- og beiteområda i Bergsetdalen var øydelagde.[3] Dette er den fyrste dokumentasjonen i historiske dokument i Noreg på at veksande brear valda økonomisk skade under den vesle istida.[4] Ei avtaksforretning frå 1742 dokumenterer at Tuftebreen (tidl. "Tverrbreen") då hadde kome heilt ned i Bergsetdalen og berre låg eit par hundre meter frå gardstunet i Bergset.[5]

Notar

  1. Sivertsen 2006
  2. Skattelista 1596 (Jostedal historielag)
  3. Tingbok for Indre Sogn, 1684 (Jostedal historielag)
  4. Nesje 2009
  5. Tingbok for Indre Sogn, 1742 (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune.(digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
  • Sivertsen, Ann Katrine. (2006). Jordbruks- og busetnadsutvikling i Jostedalen. Med utgangspunkt i punktundersøkingar i innmarka på gardane Nedrelid og Kruna. Masteroppgåve i arkeologi. Universitetet i Bergen.
  • Nesje, Atle. (2009). Historisk skattereduksjon som indikasjon på klimaendringar. Klima (nr. 4), 32-34.