Kulturarv

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. aug. 2010 kl. 07:19 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>'''Kulturarv'''. I praktisk bruk er dette ei samlenemning for alle kulturminne som blir rekna som verd å ta vare på for nåtida og komande generasjonar. Arbeid for å…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kulturarv. I praktisk bruk er dette ei samlenemning for alle kulturminne som blir rekna som verd å ta vare på for nåtida og komande generasjonar. Arbeid for å sikre og tilgjengeleggjere dei delane av kulturarven som til kvar tid er vurdert som bevaringsverdige, blir i Noreg kalla kulturvern eller kulturminnevern.

Meir prinsipielt omfattar omgrepet kulturarv alle slag kulturovringar som er blitt overlevert frå tidlegare generasjonar. «Kulturovring» tyder her eit fenomen som er resultat av menneskeleg verksemd, og som kan tolkast som uttrykk for noko som er sams for og medverkar til å gje identitet til ei større eller mindre gruppe menneske. Tradisjonelt har den nasjonale kulturarven vore fokusert. Men omgrepet blir også nytta om overnasjonale fenomen, jf. «den vestlege kulturarven», «den muslimske kulturarven» osv. Dessutan kan kulturarv knyttast til ymse regionale og lokale nivå, eller til andre einingar som er bestemte til dømes av etniske eller sosiale skiljeliner.


Materiell og immateriell kulturarv

Det blir skilt mellom materiell og immateriell kulturarv. Det fyrste gjeld slikt som bygningar, monument, fartøy, historiske stader og miljø, kulturlandskap og gjenstandar. Immateriell kulturarv inkluderer språk, kunnskap og ferdigheiter, kunstnariske uttrykk, tradisjonar, skikkar og trusliv osv.

Skiljet mellom det materielle og immaterielle i denne samanhengen er sjeldan eller aldri eintydig. Den immaterielle kulturarven gjev seg materielle uttrykk. Eit målarstykke eller ein skulptur er i seg sjølv fysiske gjenstandar og såleis del av den materielle kulturarven. Men bodskapen eller meiningsinnhaldet som kan tolkast inn i den kunstnariske framstillinga, er immateriell. Eit mellomaldersk skinnbrev eller ein 2000 år gammal papyrusrull er fysiske gjenstandar som fortel om formidlings- og dokumentasjonsteknikk i tida. Men innhaldet i tekstane kan til dømes fortelje om historiske eigedomstilhøve og andre samfunnsforhold, eller om religiøs tru og mytologi, og sjølve språkføringa formidlar filologisk kunnskapsinnhald. Ein dampmaskin er eit iaugnefallande materielt kulturminne, men sjølve den vitskaplege innsikta og dei tekniske ferdigheitene som konstruksjonen av eit seglskip eller ein dampmaskin forutset, er av immateriell art.


Kulturarv internasjonalt

I internasjonal terminologi tilsvarar kulturarv (materiell og immateriell) på

engelsk: ”cultural heritage (tangible/intangible)”
fransk: ”patrimoine culturel (materiél/immatériel)”
spansk: ”patrimonio cultural (material/inmaterial)”
tysk: ”Kulturerbe (materielles/immaterielles)”.

For å ta vare på og gjere kulturarven tilgjengeleg er det etablert institusjonar, lover, reglar og prosedyrar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. På det internasjonale nivået har UNESCO ei nøkkelrolle. Denne FN-organisasjonen har etablert ei liste over kulturarvfenomen som blir rekna til ei klasse som fortener internasjonal merksemd og vern frå verdssamfunnet (verdsarven).


Kulturarv og identitetspolitikk

Oppfatningane av kva som er bevaringsverdig vil kunne variere i betydeleg grad mellom ulike samfunn, samfunnsgrupper og individ, og dei vil kunne endre seg innan eitt og same samfunn/ei og same gruppe/eitt og same individ over tid. I monaleg grad skjer slike endringar frå den eine generasjonen til den neste.

Det individuelt og kollektivt skiftande meiningsinnhaldet gjer kulturarvspørsmålet også til kulturarvpolitikk, dvs. eit spørsmål om rett og gale, om innverknad og avgjerdsmynde, om makt og avmakt. Sidan kulturarven er identitetsskapande, blir kulturarvpolitikk samstundes eit spørsmål om identitetspolitikk. Kva er det rette uttrykket for ”vår” kulturarv og for kven ”vi” er, og kven skal bestemme dette? Er ”vårt” lokalsamfunn ”norsk” eller ”samisk”?

Usemje om innhald i og eigarskap til kulturarvfenomen har ført til spenningar og konflikter på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Ikkje sjeldan har det jamvel oppstått skarpe mellomstatlege spenningar i forhold til slike spørsmål.