Kviknes Hotel

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. aug. 2011 kl. 22:02 av Aaemn784 (samtale | bidrag) (Ny side: '''Kviknes Hotel''' ligg i Balestrand i Sogn og Fjordane. Hotellet skriv seg frå 1752, då bergensborgaren N.C. Gierløw fekk handels- og gjestgjevarløyve på Balholmen. Gierl...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kviknes Hotel ligg i Balestrand i Sogn og Fjordane. Hotellet skriv seg frå 1752, då bergensborgaren N.C. Gierløw fekk handels- og gjestgjevarløyve på Balholmen. Gierløw og etterkommarane hans åtte handelsstaden fram til 1811. Deretter følgde femti års tid med eigarar som nærast kom og gjekk. Over hundre år etter grunnlegginga, i 1877, overtok Ole Andersson Kvikne frå Lærdal, og med han fekk hotellet dagens namn.

Nicolai Gierløws gjestgjevarstad

Nicolai Christian Gierløw fekk i 1752 løyve til å drive som handelsmann og gjestgjevar på Balholmen. Somme år tidlegare, i 1743, hadde han inngått ekteskap med Karen Holm. Ho var enkje etter handelsmannen Niels Eriksen Falch i Feios.

Då Nicolai Gierløw rundt 1770 vart lensmann, overlét han handelen til stesonen Giert Nielsen Falch. Falch var gift med Zithone Samuelsdotter. Då Falch vart gammal, overlét han handelen til sin steson, Jon Bjørnsson frå garden Gjerde, som var gift med Marie Giertsdatter Falch. Frå overtakinga i 1803, vart Jon å halde på fram til 1811. Då selde han handelsstaden til bergensborgaren J.N. Thee, og dermed var det over etter 59 år og tre generasjonar i same slekta.

Johan Nicolai Thees gjestgjevarstad

Johan Nicolai Thee overtok i 1811, og han lét sonen Gabriel Nicolai Thee drive verksemda. Familien vart ikkje verande der så lenge, for alt i 1820 vart handelsstaden igjen seld.

Eigarar mellom 1820 og 1877

Det var Hans Peter Rasmussen, som var pensjonert offiser frå Bergen, som i 1820 kjøpte handelsstaden. Forretninga gjekk vidare til Nils Olsson (Aamodt), som overtok i 1829. Handelsstaden vart omkring 1849 seld på auksjon til Jan Christopher Garman, òg han frå Bergen. Han dreiv på fram til 1868, då Johannes Danielsson overtok. Han hadde tidlegare drive med handel på Lærdalsøyri. Johannes tilsette som handelsbetjent Ole Andersson Kvikne, som i 1877 ende opp med å kjøpe handelsstaden.

Liste over eigarar

  • 1752–1770: Nicolai Christian Gierløw
  • 1770–1803: Giert Nielsen Falch
  • 1803–1811: Jon Bjørnsson
  • 1811–1820: Johan Nicolai Thee og Gabriel Nicolai Thee
  • 1820–1829: Hans Peter Rasmussen
  • 1829–1849: Nils Olsson (Aamodt)
  • 1849–1868: Jan Christopher Garman
  • 1868–1877: Johannes Danielsson
  • 1877–: Ole Andersson Kvikne og etterkommarar

Litteratur og kjelder