Kvilarsteinen i Lissersvingen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
({{nn}})
Linje 20: Linje 20:
[[Kategori:Kulturminner]]
[[Kategori:Kulturminner]]
{{artikkelkoord|62.2317821|N|8.3433946|Ø}}
{{artikkelkoord|62.2317821|N|8.3433946|Ø}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 10. mai 2022 kl. 11:52

Kvilarsteinen med 1888-bautaen bak. Foto: Arnfinn Kjelland

Kvilarsteinen i Lissersvingen ved Lesjaskogskyrkja er eit kulturminne mange har eit forhold til. Det ligg som namnet seier i ein sving i det som fram til om lag 1990 var hovudvegen gjennom bygda. Den vart i åra fram til 1888 omlagt frå den gamle «Romsdalske hovedvei», som gjekk beint opp frå Krossbakken ved Rauma gjennom området Lisser til Kyrkjebakken, med svingar opp til jordet i Mølme. Svingen var truleg den siste delen av strekket, og den var ferdig i 1888 slik bautasteinen bak Kvilarsteinen viser til.

Utgangspunktet var nettopp ein stor gråstein som låg inntil nyvegen i svingen. Den var flat på toppen, og der vart det mura opp benkar av stein til å sitja på. Ei trapp opp vart og mura.

Vegen opp Lisser var framleis tung både for dei som gjekk og dei som sykla, så det var fristande å ta seg ein pust i bakken på benkane på steinen. Ungane o grenda kappsprang for å kome opp på steinen, og konfirmantane som kom nordafrå åt nista si der når dei skulle til Kyrkjestugu for «prestmøte».

Under bombinga av Lesjaskog 30. april 1940 vart både Kvilarsteinen og bautaen med årstalet 1888 skada. Seinare vart ein del av steinen sprengt vekk da vegen skulle utvidast.

På 1980- og 90-talet vart fleire av steinane i benkane fjerna, sjølv etter at bygdefolk hadde lagt på nye. Det er planar om ny restaurering; vonleg for steinane ligge i fred da.

Kvilarsteinen inngår i Kulturminneområdet kring Lesjaskogskyrkja.

Kjelde

Koordinater: 62.2317821° N 8.3433946° Ø