Lårdal Fabrikker

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lårdal Fabrikker vart skipa i 1915. Fabrikken var ein trevarefabrikk som låg nede ved bryggja ved Bandak i Lårdal i Tokke kommune.

Historikk

Montering av kraftstasjonen ved Lårdal Fabrikker.
Foto: Hans Tveito / Telemark Museum

Lårdal Fabrikker vart skipa som eit lutlag av Jon og Kjetil Kleve. Interessentar teikna seg for ein eller fleire lutar av 250 kr, og med ein startkapital på 1/2 million tok dei til å byggje ein kraftstasjon i Lårdalsåi, eit moderne sagbruk, eit høvleri, ein stor lagerbygning og ei dampturke. Kraftstasjonen var på 285 kW. "Sagbruksbygningen hadde ei grunnflate på 400 m2 og var bygd i to høgder med dobbel sagspindel, hunkappe og elektrisk turke i 2. høgd, klyvsag, dobbeltkante og høvelmaskin i 1. høgd. Fotutan ein lagerbygnad på 600 m2 grunnflate høyrer det til anlegget ein snikkarverkstad [...]."[1]

Staden der utbygginga skjedde var høveleg valt. Lårdal bryggje låg like ved, og herifrå var ikkje vegen lang til at ein kunne sende varer både nasjonalt og internasjonalt. Olav T. Bakken såg tidspunktet for stiftinga som ei oppgangstid, "nett då med den store verdskrigen ende utom landegrensene, og med Noreg som eit nøytralt land som kunne eksportere fritt til kven det var av stormaktene England og Tyskland".[2] Tømmeret fekk dei kjøpe frå Lårdal, Dalen og andre nærliggande bygder.

Dei fyrste åra: 1916-1930

Frå byrjinga var det ein stor skokk arbeidarar som var knytte til fabrikken. Omsetnaden auka og drifta gjekk godt. Men sumaren 1920 vart saga og høvleriet råka av brann.[3] Det var Jon Kristensen (f. 1882) som budde på Solbakken som fyrst merka brannen og som fekk varsla folk. Slik fekk dei berga dampturka og den store lagerbygningen som låg like i nærleiken. Fabrikken vart bygd opp att, og drifta heldt fram utover 1920-åra. På 1920-talet var det økonomisk krise på verdsmarknaden, og dette fekk ein også merke i Lårdal. Fabrikken kom i store økonomiske vanskar og måtte søke akkord. Krisa var visstnok eit merkbart tap for alle dei som hadde skote kapital inn i fabrikken. Mellom anna hadde Lårdal Sparebank ytt eit lån på 60 000 kr, men måtte no slå fabrikken til seg og sat med han i nokre år.

Olav Sandåker tek over: 1930-1960

I 1930 kom Olav Sandåker frå Morgedal til Lårdal. Han gjorde avtale med banken om å kjøpe heile fabrikklokalet for 18 000 kr. Salet skjedde i 1932. Fabrikken var då i dårleg stand, og fleire av maskinene måtte erstattas. Gjennom 30-åra hadde folk lite pengar, og tiåret vart ei hard tid for fabrikken. For å dekkje etterspurnaden måtte ein tilsette fleire folk og delvis køyre på skift. Ein såg kor naudsynt det var å skipe ei fagforeining, og 8. september 1945 vart Lårdal Sag og Høvleriforeining skipa.[4]

Sandåker var ein dyktig administrator, og fabrikken hadde auka omsetnad frå år til år. Fabrikken produserte ferdige bygningsmaterialar - særleg høvellast og vanleg skurlast. Den leverte materialar til dei kringliggjande bygdene, men også til Vestlandet og Setesdal. Heilt fram til 1960 dreiv Sandåker fabrikken, då Råmunddal Bygg og Trevare kjøpte den for ca. 70 000 kr.

Saman med Råmunddal Bygg og Trevare sysselsette sagbruket på det meste mellom 50 og 60 mann årleg.[5] Fabrikken produserte "med letthet" 5000 kvm. tømmer årleg.[6]

Kjelder

  • Bakken, Olav T., Lårdalsoga, Dalen, 1978. Digital utgåvebokhylla.
  • Bangen, O. (red.), Vegvisar for Lårdal og Mo herad, Skien, 1950. Digital utgåve på bokhylla.
  • Lårdal Arbeiderlag (red.), Minneskrift til arbeiderrørsla i Lårdal 1904-1984, Lårdal, 1985. Digital utgåve på bokhylla.
  • Sætherskar, Johs. Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Digital utgåve på bokhylla.

Referansar

  1. Sætherskar, 1949, s. 824.
  2. Bakken, 1978, s. 40.
  3. I fylgje Bangen, 1950, vart fabrikken råka av brann i 1918 og bygd opp att i 1922. I fylgje Lårdal Arbeiderlag, 1985, s. 82, og Sætherskar, 1949, s. 823 brann det i 1920. Bakken, 1978, som meiner det brann i 1921.
  4. Lårdal Arbeiderlag, 1985, s. 82.
  5. Bakken, 1978, s. 41.
  6. Sætherskar, 1949, s. 824.