Lårdal Fabrikker
Lårdal Fabrikker blei skipa i 1916.[1] Fabrikken var ein trevarefabrikk som låg nede ved bryggja ved Bandak i Lårdal i Tokke kommune.
Historikk
Fabrikken blei skipa som eit lutlag av Jon og Kjetil Kleve. Interessentar teikna seg for ein eller fleire lutar av 250 kr, og med ein startkapital på 1/2 million tok dei til å byggje ein kraftstasjon i Lårdalsåi i 1916[2], eit moderne sagbruk, eit høvleri, ein stor lagerbygning og ei dampturke. Kraftstasjonen var på 285 kW.[3] «Sagbruksbygningen hadde ei grunnflate på 400 m² og var bygd i to høgder med dobbel sagspindel, hunkappe og elektrisk turke i 2. høgd, klyvsag, dobbeltkante og høvelmaskin i 1. høgd. Fotutan ein lagerbygnad på 600 m² grunnflate høyrer det til anlegget ein snikkarverkstad [...].»[4]
Staden der utbygginga skjedde var høveleg valt. Lårdal bryggje låg like ved, og herifrå var ikkje vegen lang til at ein kunne sende varer både nasjonalt og internasjonalt. Olav T. Bakken såg tidspunktet for stiftinga som ei oppgangstid, «nett då med den store verdskrigen ende utom landegrensene, og med Noreg som eit nøytralt land som kunne eksportere fritt til kven det var av stormaktene England og Tyskland».[5] Tømmeret fekk dei kjøpe frå Lårdal, Dalen og andre nærliggjande bygder.
Dei fyrste åra: 1916-1930
Frå byrjinga var det ein stor skokk arbeidarar som var knytte til fabrikken. Omsetnaden auka og drifta gjekk godt. Men sumaren 1920 vart saga og høvleriet råka av brann.[6] Det var Jon Kristensen (f. 1882) som budde på Solbakken som fyrst merka brannen og som fekk varsla folk. Slik fekk dei berga dampturka og den store lagerbygningen som låg like i nærleiken. Fabrikken vart bygd opp att, men kom ikkje ordentleg i drift før den skifta eigar i 1932.[7]
På 1920-talet var det økonomisk krise på verdsmarknaden, noko ein også merka i Lårdal. Fabrikken kom i store økonomiske vanskar og måtte søke akkord. Krisa var visstnok eit merkbart tap for alle dei som hadde skote kapital inn i fabrikken. Mellom anna hadde Lårdal Sparebank ytt eit lån på 60 000 kr, men måtte no slå fabrikken til seg og sat med han i nokre år.[8]
Olav Sandåker tek over: 1930-1960
I 1930 kom Olav Sandåker frå Morgedal til Lårdal. Han gjorde avtale med banken om å kjøpe heile fabrikklokalet for 18 000 kr. Salet skjedde i 1932. Fabrikken var då i dårleg stand, og fleire av maskinene måtte erstattas. Gjennom 30-åra måtte fabrikken tilsette fleire folk og delvis køyre på skift for å dekkje auka i etterspurnaden etter materialar. Ein såg at det var naudsynt å skipe ei fagforeining, og 8. september 1945 vart Lårdal Sag og Høvleriforeining skipa.[9]
Sandåker var ein dyktig administrator, og fabrikken hadde auka omsetnad frå år til år. Fabrikken produserte ferdige bygningsmaterialar – særleg høvellast og vanleg skurlast. Den leverte materialar til dei kringliggjande bygdene, men også til Vestlandet og Setesdal. Heilt fram til 1960 dreiv Sandåker fabrikken, då Råmunddal Bygg og Trevare kjøpte den for ca. 70 000 kr.
8. desember 1977 meldte avisa "Nordisk Tidende" at Lårdal Fabrikker var konkurs. Fabrikken hadde 30 kreditorar til ei samla gjeld på tre millionar. Tokke kommune stod som garantist for eit lån på 1,5 millionar.[10]
Saman med Råmunddal Bygg og Trevare sysselsette sagbruket på det meste mellom 50 og 60 mann årleg.[11] Fabrikken produserte "med letthet" 5000 kvm. tømmer årleg.[12]
Galleri
- Lårdal Fabrikker før brannen kring 1920.Foto: Hans Tveito.
- Lårdal Fabrikker på måleri av Olav Sandåker.Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
- Aksjebrev for Lårdal Fabrikker, datert 1. mai 1918. Brevet tilhøyrde Georg Hoff frå Kristiania.Foto: Per Eriksen Ormestøyl (Per Ormestøyl) (2017).
- Montering av kraftstasjonen ved Lårdal Fabrikker i 1916.Foto: Hans Tveito / Telemark Museum.
Referansar
- ↑ Bangen, 1950. (I fylgje Bakken, 1978, vart fabrikken skipa i 1915.)
- ↑ Bangen, 1950, s. 31.
- ↑ Bakken, 1978, s. 40.
- ↑ Sætherskar, 1949, s. 824.
- ↑ Bakken, 1978, s. 40.
- ↑ I fylgje Bangen, 1950, vart fabrikken råka av brann i 1918 og bygd opp att i 1922. I fylgje Lårdal Arbeiderlag, 1985, s. 82, og Sætherskar, 1949, s. 823 brann det i 1920. Bakken, 1978, s. 40, meiner det brann i 1921.
- ↑ Bakken, 1978, s. 41, skriv at drifta heldt fram utover 1920-talet, men dette ser ikkje ut til å stemme med andre kjelder.
- ↑ Bakken, 1978, s. 41.
- ↑ Lårdal Arbeiderlag, 1985, s. 82.
- ↑ Nordisk Tidende, 08.12.1977.
- ↑ Bakken, 1978, s. 41.
- ↑ Sætherskar, 1949, s. 824.
Kjelder
- Bakken, Olav T., Lårdalsoga, Dalen, 1978. Digital utgåve på bokhylla.
- Bangen, O. (red.), Vegvisar for Lårdal og Mo herad, Skien, 1950. Digital utgåve på bokhylla.
- Lårdal Arbeiderlag (red.), Minneskrift til arbeiderrørsla i Lårdal 1904-1984, Lårdal, 1985. Digital utgåve på bokhylla.
- Nordiske Tidende, 8. desember 1977. Lenke til digital utgåve på bokhylla.
- Sætherskar, Johs. Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Digital utgåve på bokhylla.