Lårdal Sparebank

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lårdal Sparebank blei stifta i gamle Lårdal kommune i 1898 og hadde frå byrjinga kontor i bygda Lårdal. Banken blei slege saman med Mo Sparebank i 1961.

Historikk

Planen om å skipe ein sparebank i Lårdal vart vedteke av heradstyret i 1896 og godkjent av departementet i 1898. O. L. Omdal, H. O. Landsverk og Gjermund O. Tveito fekk i oppgåve å setje banken i gang. Banken fekk kontor i Spinneribygningen til Lårdal Ullvarefabrikk, og Knut Saubakk vart tilsett som kasserar. Mikkel Mandt tok over som kasserar i 1904. Det vart vanskelege tider utover 1900-talet, tap på lån byrja å kome i 1924 og frå 1926 vart det fleire tvangssal av verksemder og gardar. Det var nære på at banken gjekk konkurs på 1930-talet, men frå 1937 og framover blei det betre. I 1925 flytte banken frå Spinneribygningen til eit rom hos Halfdan Strømstad. Leigeavtala vart oppsagt i 1949 og banken flytte til Suistog Tveito. I 1953 gjorde banken avtale om å leige rom i det nye kommunehuset. Året etter starta dei ei ordning med kontordagar i Høydalsmo og på Dalen. I 1956 opna filial på Dalen i eit rom på Nordbø. Banken fekk avtale med administrasjonen for Tokkeanlegga frå 1957 og det skaffa gode inntekter i mange år. Banken flytte til nytt kontor i Soknehuset på Dalen i 1957. I 1961 vart Lårdal Sparebank slått saman med Mo Sparebank.

Arkivet

Arkivet etter Lårdal Sparebank er ordna på Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.

Kjelder

  • Tveit, Tore (red.), Tokke-Vinje Sparebank 90 år, 1897 - 1987, Skien, 1987