Mo Sparebank

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mo Sparebank i Telemark vart skipa i 1903.

Historikk

Frå rundt 1900 var det interesse for å få skipa til ein bygdebank for Mo kommune. I 1903 hogde ein tømmer som tilhørde kommunen for å setje av pengar til eit grunnfond. Mo Sparebank vart ein realitet i 1905. Olav Eikland var ordførar i forstandarskapet for banken, i styret sat Rikard Svalastog, O. J. Midtbø og Olaf Brattestå. Jon O. Vistad vart tilsett som kasserar. Banken heldt til i eit lite rom i kommunelokalet. Utover på 1920-talet vart det vanskelege tider og fyrste del av 1930-talet var det fleire og fleire som ikkje makta å betale på låna sine. Eit rentefritt statslån på 150.000 kroner i 1933 berga banken. Stoda betra seg noko mot slutten av trettiåra, men så kom krigen og skapte nye vanskar. Etter krigen auka omsetjinga, mykje grunna husbygging. Mo Sparebank vart slått saman med Lårdal Sparebank i 1961.

Arkiv

Arkivet etter Mo Sparebank er ordna ved Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.

Kjelder

  • Tveit, Tore (red.), Tokke-Vinje Sparebank 1897 - 1987, Skien, 1987