Løfting

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. mar. 2015 kl. 00:38 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>Ein '''løfting''' (særlig nordafjells) eller ein '''veng''' (særlig på Vestlandet) er ein kahytt attast på ein vengbåt eller ei jekt så vel som p...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein løfting (særlig nordafjells) eller ein veng (særlig på Vestlandet) er ein kahytt attast på ein vengbåt eller ei jekt så vel som på dei større åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. På mindre åfjordsfyringar kunne løftingen vera plassert på midten. Løftingen nordafjells er karakteristisk ved at han faktisk gjerne kan løftast av. Det vart for eksempel gjort på lofotbåtar når dei var framkomne til Lofoten og vart bruka til fiske. I løftingen kunne det vera ein mindre skipsomn til varme og matlaging.