Løfting

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordlands-fembøring med løfting utanfor Nordlandsmuseet i Bodø.
Foto: Olve Utne (1978).

Ein løfting (særlig nordafjells) eller ein veng (særlig på Vestlandet) er ein kahytt attast på ein vengbåt eller ei jekt så vel som på dei større åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. På mindre åfjordsfyringar kunne løftingen vera plassert på midten. Løftingen nordafjells er karakteristisk ved at han faktisk gjerne kan løftast av. Det vart for eksempel gjort på lofotbåtar når dei var framkomne til Lofoten og vart bruka til fiske. I løftingen kunne det vera ein mindre skipsomn til varme og matlaging.