L/L Vik Båtbyggeri: Forskjell mellom sideversjoner

→‎Den vanlege byggjemåten ved Vik: lagt til lenkje for skalmebolt og litt forklaringar
m (sorteringsnøkkel)
(→‎Den vanlege byggjemåten ved Vik: lagt til lenkje for skalmebolt og litt forklaringar)
Linje 19: Linje 19:
Dei som hadde tinga båt, kom oftast inn til båtbyggeriet antan fredag eller laurdag. Då hadde dei med solar; dieselolje, som vart sprøytt på spanta og alt treverk. Dette vart gjort i mange omgangar utover i byggjeprosessen, også etter at huda var lagd. Dei sprøytte då ut mellom spanta i opninga over bjelkevegar. På [[Nybør]] og [[MB «Arne Longva»|Arne Longva]], som begge var 60 fot, vart det brukt fleire hundre liter. Dette kan vera ei årsak til at desse skroga har halde seg friske etter alderen.

Framdrifta under bygging var om lag slik: Når spanta var røyste la ein setgangane, dei tre øvste hudgangane. Etter det vart det lagt bjelkevegar med eventuell undervegar, bjelkar og garnering. Når ein byrja å leggje dekk, vart det sett opp ei form for tak, anten presenning eller bølgeblekk. Det var viktig å verne dekket  mot nedbør til det var ferdig drive og smurt. I artikkelen [[Hud og dekk]]  vert det forklart litt meir om dette.  
Framdrifta under bygging var om lag slik: Når spanta var røyste la ein setgangane, dei tre øvste hudgangane. Under huding vert kvar hudplanke festa permanent '''berre''' i kvar ende. Resten av planken vert sett fast med [[Ord og uttrykk knytt til kravellbygging#skalmebolt|skalmebolt]]. Slik vart det gjort på heile skroget.  Etter det vart det lagt bjelkevegar med eventuell undervegar, eller revisè og bjelkevegar, bjelkar og garnering. Når ein byrja å leggje dekk, vart det sett opp ei form for tak, anten presenning eller bølgeblekk. Det var viktig å verne dekket  mot nedbør til det var ferdig drive og smurt. I artikkelen [[Hud og dekk]]  vert det forklart litt meir om dette.  

Båten var ferdig huda til sommarferien, så nær som fyllingsgangane. Der stod det ope til etter ferien. Utrøna, solgangsbrisen, stod rett inn fjorden og mot båtbyggeriet. På forsommaren ga dette god turk på skroga.  Dersom huda byrja å få litt smårivner av at ho turka for fort, vart det smurt eit strøk med kokt linolje. Det tetta litt på overflata, og var med å hindre bråturk.

Skribenter
1 622

redigeringer