Landnotset i Austefjordområdet: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Oj, rettar begrep)
m (Bilete og litt endring)
Linje 1: Linje 1:
Alle som skulle setje landnot måtte kunne [[notaset|notaseta]] eller notakasta elles så vart det unødig mykje reparasjonar av nøtene. Stein, trerøter og anna rusk på botnen vart kalla «hengje». Notakarane visste om hengja var lette eller vanskelege å hanskast med. Kor rein ein kan rekne sjøbotnen heng saman med kor djup nota er.
{{thumb|Holsvik_notlag_ca_1910_a.jpg|Holsvik notlag med Storenota, Follabugen ca. 1910}}
[[notaset|Notaseta]] eller notakasta var noko som notbasane på landnot måtte kunne  elles så vart det unødig mykje reparasjonar av nøtene. Stein, trerøter og anna rusk på botnen vart kalla «hengje». Notakarane visste om hengja var lette eller vanskelege å hanskast med. Kor rein ein kan rekne sjøbotnen heng saman med kor djup nota er.


Desse landnotseta er kjende i [[Austefjorden (Volda)|Austefjordområdet]] og brukte av dei lokale [[Notlag i Austefjordområdet|notlaga]] og tilreisande notlag.
Desse landnotseta er kjende i [[Austefjorden (Volda)|Austefjordområdet]] og brukte av dei lokale [[Notlag i Austefjordområdet|notlaga]] og tilreisande notlag.
Linje 116: Linje 117:
|Holsvika   
|Holsvika   
|{{koord|62.05937|N|6.31266|E|}}
|{{koord|62.05937|N|6.31266|E|}}
|Har rein botn med unntak av ein stor stein som ligg litt utfor renna frå Storenotanaustet og ei helle ved elva. (Steinen har sikkert eit namn)  
|Har rein botn med unntak av ein stor stein som ligg litt utfor renna frå Storenotanaustet og ei helle ved elva. (Steinen har sikkert eit namn). Holsvika har gjenom alle tider vore sikraste kasteplassen. "Lissjenota" med sine 70 famners lengde var spesialkonstruert for bruk her. Holsvik notlag hadde to like spel, eit i "Lissjenotabåten" og eit bolta fast på berget ut om Holsviknaustet. Andre notlaga med "Lissjenot" hadde not av same lengde og djupne.
| N, L  
| N, L  
|
|
Linje 146: Linje 147:
|Follabugen   
|Follabugen   
|{{koord|62.06476|N|6.2943|E|}}
|{{koord|62.06476|N|6.2943|E|}}
| I fjøra til Skinvik, Botn og Løfoll. «Kast» frå Skinvikelva til elva frå Follavatnet. Ein «hund» (botnstein for "utfar" til båt eit stykke bort for Skinviknaustet, nokre steinar for Åkoma i Botnahola, noko problem rundt Kuen. Vidare mot Kieneset vanskeleg å kaste, dels grunna vanskeleg botn men mest grunna periodevis sterk straum  
| I fjøra til Skinvik, Botn og Løfoll. «Kast» frå Skinvikelva til elva frå Follavatnet. Ein «hund» (botnstein for "utfar" til båt eit stykke bort for Skinviknaustet, nokre steinar for Åkoma i Botnahola, noko problem rundt Kuen. Vidare mot Kieneset vanskeleg å kaste, dels grunna vanskeleg botn men mest grunna periodevis sterk straum. "Storenota" eller største landnøtene i notlaga hadde kengde for å stengje av bugen frå Kuen og inn i Skinvikreina, kortaste notlengde 120 famner, helst litt til.
|N, L   
|N, L   
|
|
Linje 224: Linje 225:


==Kjelder og informantar:==
==Kjelder og informantar:==
*Legg koordinatar etter kartfesta notset og låseplassar. Eit arbeid gjort 1993 med revidering 2000 av: Hans Aarset, Johs. N. Høydal, Ragnar E. Høydalsvik, Inge Håvik, Kjell Leite.
*Aarset, Hans f.1936
*Aarset, Hans f.1936
*[[Bruker: Oddvar Høydalsvik|Høydalsvik, Oddvar E.]] f. 1951
*[[Bruker: Oddvar Høydalsvik|Høydalsvik, Oddvar E.]] f. 1951

Sideversjonen fra 14. des. 2013 kl. 22:31

Holsvik notlag med Storenota, Follabugen ca. 1910

Notaseta eller notakasta var noko som notbasane på landnot måtte kunne elles så vart det unødig mykje reparasjonar av nøtene. Stein, trerøter og anna rusk på botnen vart kalla «hengje». Notakarane visste om hengja var lette eller vanskelege å hanskast med. Kor rein ein kan rekne sjøbotnen heng saman med kor djup nota er.

Desse landnotseta er kjende i Austefjordområdet og brukte av dei lokale notlaga og tilreisande notlag.

Det er rimeleg å tru at landnota vart sett slik at "dråttane" (nota sine lange endetau) nådde i land når fisken var lageleg til på ein av kasteplassane. Det var ikkje alltid tilfelle. Det vart av og til kasta "mi-fjårs" (midtfjords/midt i fjorden/langt frå land). Ein prøvde å få fisken til å gå rundt utan å sekkje seg bak på nota. Så slepa ein for begge "dråttane" og sikta seg inn på næraste stengjeplass for å "få botn i nota". Den tida ein rodde var dette arbeidssome greier. Etter at notlaga fekk tilgang på to motorbåtar, ein for kvar "drått", å slepe med vart det lettare å få nota til land. Resten av prosessen var like spennande. (Slike "kast" kunne bli berga til dømes på Hamreknullane (som ikkje vil få status som landnotset), her var grunt nok til å få "botn i nota" utan å nå land på anna vis enn at du normalt ser skjæra nede i sjøen).

Pr. des 2013. Det skal inn om lag 40 "kasteplassar". Når ein ser seg ferdig med dette arbeidet bør dei avmerka plassane for "landnotset" (kanskje også garnplassar) gå med sola frå Humberst sitt byte mot Greivsnes, rundt fjorden til Høydalsnes sitt byte mot Bjørneset.(Kanskje kan den utvidast til Volda si kystlinje).

Landnotset og låseplassar

N = Landnot, L = Låseplass

1. Namn 2. Koordinatar 3. Plassen 4. Reidskap 5. Andre opplysninga
Hjartåbugen «Elin» ligg på botnen her, vanskeleg
Saudevikja (Hjorthaug) Knapt N, L
Kråkehaugen Knapt N, L
Selvikstøylane Knapt / brukbart N, L
Djupebugen Knapt kast N, L
Benken Brukbart, nærdjupt. Glatt berg på land N, L
Matskjæret, sørside 62.08309° N 6.25109° Ø Knapt. Ikkje brukbart lenger (2010) N, L
Kalafluda, austside 62.08232° N 6.2459° Ø Kast N, L
Kalafluda, vestside 62.08227° N 6.24503° Ø Kast N
Sagstyda Alminneleg bra
Andaskæret God. 62.08453° N 6.26844° Ø Straumhart N, L
Trongestyda God N, L
Engjabugen 62.0706° N 6.31862° Ø Før vegbygging rimeleg rein frå steinrøys til Engjatunet. Ein stor stein noko av land på indre del. 2009 utgått som landnotkast grunna vegarbeid på Kvivsvegsambandet / Fyrdsbergtunnelen N,L
Trosvikja 62.06738° N 6.31549° Ø Knapt kast frå gamalt. Stein frå siste hundre år med vegarbeid som "hengje" N, L
Gjerdestøda 62.06553° N 6.31356° Ø Knapt kast for støda N, L
Granden / Grasneset / tidl. Grusneset 62.06297° N 6.31646° Ø Er blaut sand å styre seg i ved fjøre sjø. Ved flod sjø blir det vanskeleg då ein får elvestraumen i nota. Er brådjupt og derfor vanskeleg å få nota i botn fort nok til å berge fisk. Ved låssetjing må ein bort under berget mot "Måenkaia" for å unngå elvestraum N, L
Holsvika 62.05937° N 6.31266° Ø Har rein botn med unntak av ein stor stein som ligg litt utfor renna frå Storenotanaustet og ei helle ved elva. (Steinen har sikkert eit namn). Holsvika har gjenom alle tider vore sikraste kasteplassen. "Lissjenota" med sine 70 famners lengde var spesialkonstruert for bruk her. Holsvik notlag hadde to like spel, eit i "Lissjenotabåten" og eit bolta fast på berget ut om Holsviknaustet. Andre notlaga med "Lissjenot" hadde not av same lengde og djupne. N, L
Holmen, Holsvikstranda 62.05917° N 6.30925° Ø Rein botn frå notahengjet litt utom Haggaren i delinga mot Djuvik-stranda, litt etter kor djup nota var N, L
Djuvikstranda 62.05913° N 6.30412° Ø Frå Haggaren ei urd, så eit lite område med «kast», så ei urd att N, L
Djuvika 62.06° N 6.30168° Ø «Kast» innom «Laurits-naustet», så urd, så «kast» frå litt innom Djuvikelva nesten til inste Stigalidet N, L
Skinvika 62.06304° N 6.29841° Ø Lite kast (vest for kai frå 1965) mellom kaiene til Skinviksandtaket. Så dårleg til utom Skinvikelva (Follabugen) N
Follabugen 62.06476° N 6.2943° Ø I fjøra til Skinvik, Botn og Løfoll. «Kast» frå Skinvikelva til elva frå Follavatnet. Ein «hund» (botnstein for "utfar" til båt eit stykke bort for Skinviknaustet, nokre steinar for Åkoma i Botnahola, noko problem rundt Kuen. Vidare mot Kieneset vanskeleg å kaste, dels grunna vanskeleg botn men mest grunna periodevis sterk straum. "Storenota" eller største landnøtene i notlaga hadde kengde for å stengje av bugen frå Kuen og inn i Skinvikreina, kortaste notlengde 120 famner, helst litt til. N, L
Flatefjøra 62.07177° N 6.29732° Ø Brukande N,L
Leirvikskjæret (Hamre) 62.0734° N 6.29262° Ø Knapt, men godt kast N, L
Leirvikja (Aurstad) "Paddemark" (urein botn) N, L
Dalen 62.07411° N 6.29129° Ø Brukande N, L
Skorneset 62.0803° N 6.27355° Ø Kast på innsida mot Hamrefluda N,L


Kjelder og informantar:

  • Legg koordinatar etter kartfesta notset og låseplassar. Eit arbeid gjort 1993 med revidering 2000 av: Hans Aarset, Johs. N. Høydal, Ragnar E. Høydalsvik, Inge Håvik, Kjell Leite.
  • Aarset, Hans f.1936
  • Høydalsvik, Oddvar E. f. 1951

Koordinater: 62.0719° N 6.30788° Ø