Langeleik

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. jul. 2017 kl. 08:56 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: Musikkinstrumentet '''langeleik''' er ein norsk sitertype. Det har ei lang og smal resonanskasse med ein melodistreng med faste tverrband under (kalla ''hørpønota''), og fleire...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Musikkinstrumentet langeleik er ein norsk sitertype. Det har ei lang og smal resonanskasse med ein melodistreng med faste tverrband under (kalla hørpønota), og fleire bordunstrengar. Instrumentet vert òg kalla langleik, langhørpu og langspill. Langeleiken vart truleg utforma tidleg på 1500-talet, inspirert av borduninstrument frå mellomalderen. Den eldste langeleiken ein kjenner er datert til 1524.

På eldre langeleiker kan tverrbanda markere andre tonerekkjer enn dei felleseuropeiske, diatoniske skalaane, og ha opp til sju bordunstrengar.

Ein speler grunnrytma med plekter i høgre hand, medan dei tre midtre fingrane på venstre hand avkortar melodistrengen og artikulerer meloditoner med slag og knips mot strengen. Ein kan òg slå an toner med plekter med einskildre bordunstrengar, noko som særleg er vanleg i klokkelåtar.

Tidlegare vart langeleiken særleg spela av kvinner, og var kjend over heile landet. Særleg i Valdres har tradisjonen overlevd, og langeleiken har i seinare år vorte meir populær i folkemusikken.

Litteratur