Langevåg (Sula)

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 25. jan. 2016 kl. 10:52 av Cnyborg (Samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
«Langevåg» har flere betydninger.

Langevåg er ein tettstad og kommunesenter i Sula kommune; staden ligg heilt nord på øya Sula. Tettstaden Langevåg har omlag 5 000 innbyggjarar.

Frå Langevåg er det passasjerbåt til Ålesund, turen med båten tar omlag 10 min. Brukar ein bil, må ein om Vegsundet og Spjelkavik, tar turen omlag 25 minutt.

Bygningar

Amtmannsgarden Molvær var ein storgard like vest for Langevåg. Garden var på 1700-talet hovudsete for familiane Lilljenskiold og Solgaard, som var amtmenn på Sunnmøre.

I 1940 byrja arbeidet med Langevåg kyrkje, men på grunn av den andre verdskrigen stod ho ikkje ferdig før i 1948.

Kultur

Devold Fabrikkene har eit museum og fabrikkutsalg.

Langevåg har både eit skule- og vaksenkorps, ikkje så rart kanhende sidan både Ytre Suløens Jassensemble og The Brazz Brothers kjem frå Langevåg, men staden har òg fostra Nils Petter Molvær, Ragnvald Weddegjerde og Robert Post.

Herrefotballaget til Langevåg IL kom i 2004 på fjerdeplass i tabellen for sunnmørsk 3. divisjon. Laget har fostra fleire talent, blant anna Magne Fylling, Trond Fylling og Trond Helgesen. Langevåg har en liten symjehall på Røde Kors huset og bygdekino med framsyning ein gong i veka.

Næringsliv

Ein av dei mest moderne sildoljefabrikkane i landet, Vedde Sildoljefabrikk AS ligg på Vedde. O.A. Devolds Sønner er ein tekstilbedrift som lagar produkt i ull. Bedrifta er kjent for alt frå strikkegenserar til ullunderklede. Devold AMT produserer komposittmateriale til blant anna bruk i vindmøller. Annø møbler lagar møblar som blant anna Beito-serien.