Lars Andreas Oftedahl: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 2: | Linje 2: | ||
== Bakgrunn og familie == | == Bakgrunn og familie == | ||
Foreldra var [[Lars Larsen Oftedahl]] (1750-1827) og Ellen Andreasdatter Hellerup. Faren var norsk, | Foreldra var [[Lars Larsen Oftedahl]] (1750-1827) og Ellen Andreasdatter Hellerup. Faren var norsk, ein bondegut frå garden [[Øvre Oftedal]] i [[Gjesdal kommune|Gjesdal]] i [[Rogaland]]. Han var [[underoffiser]], og avanserte sidan til offiser (løytnant). Ellen Hellerup var dansk. | ||
Barndomsåra fekk Lars Andreas i København, der faren var sersjant i artilleriet. Da Lars Andreas var 13 år, flytta dei til [[Kristiansand]], der faren var blitt [[sekondløytnant]] ved [[Leksikon:Tøyhus|tøyhuset]] der i 1794. | Barndomsåra fekk Lars Andreas i København, der faren var sersjant i artilleriet. Da Lars Andreas var 13 år, flytta dei til [[Kristiansand]], der faren var blitt [[sekondløytnant]] ved [[Leksikon:Tøyhus|tøyhuset]] der i 1794. | ||
Linje 10: | Linje 10: | ||
== Utdanning og embete == | == Utdanning og embete == | ||
I Kristiansand fullførte Lars Andreas latinskulen og vart student i 1796. Han var lærar ved [[Kristiansand Katedralskole]] i 1797. Det er uvisst kor mykje han budde og arbeidde i Kristiansand og kor mykje han studerte i København dei næraste åra etter dette. Han tok i alle høve teologisk embetseksamen i 1801. Frå 1805 var han [[adjunkt]] ved Kristiansand Katedralskole. | I Kristiansand fullførte Lars Andreas latinskulen og vart student i 1796. Han var lærar ved [[Kristiansand Katedralskole]] i 1797. Det er uvisst kor mykje han budde og arbeidde i Kristiansand og kor mykje han studerte i København dei næraste åra etter dette. Han tok i alle høve teologisk embetseksamen i 1801. Frå 1805 var han [[adjunkt]] ved Kristiansand Katedralskole. | ||
Frå 1809 var Oftedahl sokneprest i [[Rennesøy kommune|Rennesøy]] i Rogaland. Så kom han attende til Kristiansand i 1817 som residerande kapellan. I 1825 vart han stiftsprost i Kristiansand. Frå 1831 og fram til sin død var han sokneprest i Eiker. |
Sideversjonen fra 17. mar. 2014 kl. 19:46
Lars Andreas Oftedahl (fødd i København 13. el. 19. mai 1781, død i Eiker 17. mars 1843), var teolog (sokneprest og prost), lærar og eidsvollsmann. På Eidsvoll vart han rekna til Unionspartiet. Han var ein utprega opplysningsprest, rasjonalistisk i teologien og orientert mot praktiske reformer i samfunns- og produksjonsliv. Førenamnet blir også ofte skrive Laurentius.
Bakgrunn og familie
Foreldra var Lars Larsen Oftedahl (1750-1827) og Ellen Andreasdatter Hellerup. Faren var norsk, ein bondegut frå garden Øvre Oftedal i Gjesdal i Rogaland. Han var underoffiser, og avanserte sidan til offiser (løytnant). Ellen Hellerup var dansk.
Barndomsåra fekk Lars Andreas i København, der faren var sersjant i artilleriet. Da Lars Andreas var 13 år, flytta dei til Kristiansand, der faren var blitt sekondløytnant ved tøyhuset der i 1794.
Lars Andreas Oftedahl gifta seg i Kristiansand 1. mai 1807 med Anna Norberg (fødd i Kristiansand 7. januar 1789, død i Aremark 4. mai 1867). Ho var dotter til skipskaptein, seinare losoldermann og hamnefut i Kristiansand, Thomas Jensen Norberg og Else Marie Petersdatter Michelsen.
Utdanning og embete
I Kristiansand fullførte Lars Andreas latinskulen og vart student i 1796. Han var lærar ved Kristiansand Katedralskole i 1797. Det er uvisst kor mykje han budde og arbeidde i Kristiansand og kor mykje han studerte i København dei næraste åra etter dette. Han tok i alle høve teologisk embetseksamen i 1801. Frå 1805 var han adjunkt ved Kristiansand Katedralskole.
Frå 1809 var Oftedahl sokneprest i Rennesøy i Rogaland. Så kom han attende til Kristiansand i 1817 som residerande kapellan. I 1825 vart han stiftsprost i Kristiansand. Frå 1831 og fram til sin død var han sokneprest i Eiker.