Lars Olson Fåberg: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
(lagt til leseselskapet)
Linje 2: Linje 2:

Lars var av dei fyrste som fekk røysterett i Jostedalen. Han svor eid til grunnlova på tinget 7. juni 1815.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1672 Jostedøler med røysterett 1814-1823] (Jostedal historielag)</ref> Den 10. august 1817 vart han så vald som valmann frå Jostedalen til distriktsforsamlinga i Vik 23. september der Nordre Bergenhus amt skulle velje stortingsrepresentantar til det andre ordinære Stortinget i Kristiania 1818.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1773 Valmenn frå Jostedalen] (Jostedal historielag)</ref>  

Han var med i [[Jostedal leseselskap]] frå skipinga våren 1835.

Lars fekk 13 born, mellom anna klokkar [[Halvor Larson Faaberg]] som seinare overtok heimebruket.
Lars fekk 13 born, mellom anna klokkar [[Halvor Larson Faaberg]] som seinare overtok heimebruket.

Sideversjonen fra 31. mai 2011 kl. 10:12

Lars Olson Fåberg (døypt 6. august 1780, død 30. september 1866) var gardbrukar på Øvre Fåberg i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var frå Øvre Fåberg og fekk skøyte på heimebruket 14. april 1807.

Lars var av dei fyrste som fekk røysterett i Jostedalen. Han svor eid til grunnlova på tinget 7. juni 1815.[1] Den 10. august 1817 vart han så vald som valmann frå Jostedalen til distriktsforsamlinga i Vik 23. september der Nordre Bergenhus amt skulle velje stortingsrepresentantar til det andre ordinære Stortinget i Kristiania 1818.[2]

Han var med i Jostedal leseselskap frå skipinga våren 1835.

Lars fekk 13 born, mellom anna klokkar Halvor Larson Faaberg som seinare overtok heimebruket.

Notar

  1. Jostedøler med røysterett 1814-1823 (Jostedal historielag)
  2. Valmenn frå Jostedalen (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 723. (Digital utgåve, NBdigital)