Laura Skumsnes

Laura Skumsnes f. Landa (fødd 24. mars 1916 i Fitjar, død 31. juli 2016 same staden) var busett i Fitjar. Ho var heimeverande og stelte hus og familie, men fekk òg tid til å vere med i misjonsarbeid, husmorlag og andre sosiale aktivitetar i Fitjar. Som 100-åring budde ho på bu- og behandlingssenteret i bygda. Laura hadde fire barn, og fleire barnebarn og oldebarn.

Faren Lars Johannesen Landa (f. 1873) gjekk tidleg bort, og i 1920 budde ho med mora Hanna Olina Asbjørnsdotter Landa (1879–1930) og fire eldre sysken på Landa i Fitjar. I 1941 vart ho gift med styrmann Ole Skumsnes (1910–1999).

Ho fekk ikkje så mange fleire månader etter at ho runda 100 år. I juli 2016 somna ho inn. Ho vart gravlagd frå Fitjar kyrkje 10. august 2016.

Kilder og litteratur


  På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.