Leikanger prestegard (Norsk Folkemuseum): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{thumb|5347 Leikanger prestegard (1752).jpg|Hovudbygningen frå Leikanger prestegard på Norsk Folkemuseum.|Olve Utne|2008}}
{{thumb|5347 Leikanger prestegard (1752).jpg|Hovudbygningen frå Leikanger prestegard på Norsk Folkemuseum.|Olve Utne|2008}}
'''[[Leikanger prestegard (Norsk Folkemuseum)|Leikanger prestegard]]''' på [[Norsk Folkemuseum]] er ein del av friluftsmuseet på [[Bygdøy]]. Den gamle hovudbygningen på [[Leikanger prestegard]] vart i 1911 rive og flytta til museet. Huset vart reist i 1752 av sokneprest [[Gerhard Geelmuyden]]. Vindauge og hovudportalen er noko endra, men elles er eksteriøret om lag slik det gjorde då det var nytt. Bygningen huser [[Thaulowmuseet]].  
'''[[Leikanger prestegard (Norsk Folkemuseum)|Leikanger prestegard]]''' på [[Norsk Folkemuseum]] er ein del av friluftsmuseet på [[Bygdøy]]. Den gamle hovudbygningen på [[Leikanger prestegard]] vart i 1911 rive og flytta til museet. Huset vart reist i 1752 av sokneprest [[Gjert Geelmuyden (1704–1764)|Gjert Geelmuyden]]. Vindauge og hovudportalen er noko endra, men elles er eksteriøret om lag slik det gjorde då det var nytt. Bygningen huser [[Thaulowmuseet]].  

Innvendig er storstua, som opphavleg utgjorde heile den austre delen av huset, delt inn i fire mindre rom. Storstua, eller herrekammeret, var et rom som alle prestegardar måtte ha. Der kunne ein innkvartere biskopen eller andre fornemme reisande. Storstua på Leikanger var delt inn i 1820-åra, då ein ønska å ha fleire mindre rom i staden for det eine store.

Sideversjonen fra 4. jan. 2016 kl. 08:56

Hovudbygningen frå Leikanger prestegard på Norsk Folkemuseum.
Foto: Olve Utne (2008).

Leikanger prestegardNorsk Folkemuseum er ein del av friluftsmuseet på Bygdøy. Den gamle hovudbygningen på Leikanger prestegard vart i 1911 rive og flytta til museet. Huset vart reist i 1752 av sokneprest Gjert Geelmuyden. Vindauge og hovudportalen er noko endra, men elles er eksteriøret om lag slik det gjorde då det var nytt. Bygningen huser Thaulowmuseet.

Innvendig er storstua, som opphavleg utgjorde heile den austre delen av huset, delt inn i fire mindre rom. Storstua, eller herrekammeret, var et rom som alle prestegardar måtte ha. Der kunne ein innkvartere biskopen eller andre fornemme reisande. Storstua på Leikanger var delt inn i 1820-åra, då ein ønska å ha fleire mindre rom i staden for det eine store.

Foran prestegardsbygningen er det to hagar i fransk og engelsk stil. Dei er lagt der for å vise dei to hovudtypane i europeisk hagetradisjon sia renessansen.

Prestegarden vart innkjøpt med hjelp frå søstrene Aimée, Jeanette og Christiane Thaulow. Dei dekka kostnadene med til flytting og restaurering. Huset vart innreia som ramme for Thaulowmuseet, den store samlinga søstrene hadde etter faren Henrik Arnold Thaulow. Lengst aust i bygningen er to rom innreia med gjenstandar knytta til Henrik Wergeland, som var av slekta Thaulow på morssida. Wergelands lysthus fra Damstredet står i hagen.

Galleri

Kjelder

  • Mork, Paal (red.), Norsk Folkemuseum - Friluftsmuseet, By og Bygd 43, Norsk Folkemuseum, 2010.